Hopp til hovudinnhald

Helse- og livssituasjon

Barrierar som omhandlar helse- og livssituasjon inkluderer fysiske, mentale og sosiale aspekt av helse, samt faktorar som påverkar ein persons livsstil og livsval. Forståinga av helse- og livssituasjonen tek omsyn til kompleksiteten i individuelle behov, tilgang til helsetenester og sosiale støttesystem.

Befolkningas helse påverkar bruken av digitale tenester

Blant anna har 17 prosent fysisk funksjonsnedsetjing, som til dømes nedsatt syn. 5 prosent har kognitive funksjonsnedsetjingar, som lese- og skrivevanskar (DFØ, Innbyggjarundersøkinga, 2024). Talet på demente er venta å auke frå 2 til 4 prosent i 2050. Det vil seie ei auke frå 100 000 til 250 000 personar. Blant personar som lever med synshemming, oppgir 6 av 10 mangel på universell utforming som ein av dei største hindringane for digital deltaking (Digital deltaking blant synshemma, 2023).

Nøkkeltal

Tre nøkkeltal om helse- og livssituasjon

22
%

Har fysiske eller kognitive funksjonsnedsetjingar (DFØ, Innbyggarundersøkinga, 2024)

100 000

Personar har demens i Noreg (Demenskartet.no, 2020)

10
%

Av befolkninga har nedsett syn, sjølv med bruk av briller/kontaktlinser (SSB, 2019)