
Brukarstøtteundersøking om digitalt utanforskap Mange treng hjelp med å vere digitale
Det å få hjelp – frå til dømes familiemedlemmar, verjer eller kollegaer – med å bruke offentlege digitale tenester er vanlegare enn mange trur. Men å basere seg på hjelp frå andre er ikkje uproblematisk. Denne rapporten bidrar til kunnskapsgrunnlaget om digitalt utanforskap, og særleg om omfanget av digitale hjelparar.

Samandrag
Brukarstøtteundersøkinga viser at omfanget av digitale hjelparar er stort. I tillegg kjem det fram at mange brukarar opplever tilgangsbarrierar, og at det er behov for å gjere noko med måten dei får tilgang til offentlege digitale tenester. Dette gjeld særleg dei som treng hjelp frå andre til å vere digitale.
Les heile oppsummeringa av rapporten her

Innleiing
Denne rapporten er basert på ei undersøking om brukarstøttene i Digdir sine erfaringar med å hjelpe personar som har problem med å bruke digitale tenester og opplever digitalt utanforskap. Gjennom undersøkinga er meir enn 1000 samtalar registrert.
Les meir om korleis vi har gjennomført undersøkinga her

Manglande tilgang er det vanlegaste bruksproblemet
Resultata frå brukarstøtteundersøkinga viser at mange har vanskar med å få tilgang til offentlege digitale tenester. Sidan Digdir er brukarstøtte for ID-porten er ikkje dette overraskande, men det stadfester at tilgangsbarrierar er vesentlege for å forklare digitalt utanforskap.
Les meir om bruksproblem og barrierar her

Mange treng hjelparar for å gjere digitale oppgåver
Sjølv om Noreg har ei befolkning som i stor grad må reknast som digitale, har vi etter kvart fleire indikasjonar på at ein stor del treng hjelp med å gjennomføre digitale oppgåver. Brukarstøtteundersøkinga gir ny dokumentasjon på omfanget av digitale hjelparar.
Les meir om omfanget av digitale hjelparar her

Vanleg å bli kasteball i møtet med det offentlege
Mange som kontaktar brukarstøttene for å få hjelp er allereie i ein sårbar situasjon. Når dei ikkje får løyst problema sine, forsterkar dette ofte kjensla av å vere sårbar. I brukarstøtteundersøkinga finn vi at om lag kvar tredje innringar må sendast vidare.
Les meir om kasteball-problematikken her

Konklusjon
Resultata frå brukarstøtteundersøkinga føyer seg inn i ei rekke undersøkingar som synleggjer kor vanleg det er å vere avhengig av ein hjelpar for å gjennomføre digitale oppgåver. Arbeidet med å sette i verk tiltak bør følgjast opp.
Les heile konklusjonen her