OECDs Open, Useful and Re-usable data index
Legg myndigheitene til rette for attbruk av opne data? Sjå resultata frå OECD sin indeks for opne data her.
OECD sin indeks for opne data, OURdata (Open, Useful and Re-useable data) index, måler myndigheiter si innsats for å tilretteleggje for attbruk av data. Landa vert målte på innsats knytt til promotering av opne data, effektmåling av opne data og opplæring av offentleg tilsette. Undersøkinga viser at Noreg hamnar over gjennomsnittet for OECD-landa, men når ikkje heilt opp til det høgaste nivået Very high performance.
Tala viser at Noreg hamnar i kategorien High performance saman med mellom anna Canada, Finland og Sveits. Skår vert tildelt i figuren på ein skala frå 0-0,33 for underindikatorane. Innanfor Data availability oppnår vi ein skår på 0,2145. For Data Accessibility får vi 0,2937 og i Government support to data re-use 0,1254. Samla gjer dette at Noreg oppnår ein total skår på 0,64, og Noreg skil seg ut i gruppa då vi er plasserte nær poengsummen i Very high performance. Gjennomsnittsskåren i OURdata for 2023 er 0,48.
Noreg skårar lågare enn mellom anna Estland, Danmark og Sverige. Desse landa kjenneteiknast ved at dei har «implementert ein heilskapleg tilnærming til opne datainitiativ og har ein tendens til å engasjere seg meir som databrukarar og interessentar». Undersøkinga syner at norske myndigheiter legg til rette for attbruk av opne data, men innsatsen kan bli betre for å halde følgje med dei beste på feltet.