Hopp til hovudinnhald

Bruksområdet inneheld standardar for å beskrive datasett og datatenester (API-ar) i ein maskinleseleg katalog. Standardane legg til rette å finne data og datatenester på tvers av katalogar, verksemder og landegrenser, men kan òg nyttast for å få oversikt over data og datatenester i eiga verksemd.

Anbefalt standard

Offentlege verksemder (inkludert offentleg eigde selskap) bør ved beskriving av datasett og datatenester bruke

Standard for beskrivelse av datasett, datatjenester og datakataloger (DCAT-AP-NO)

Offentlege verksemder (inkludert offentleg eigde selskap) som forvaltar «datasett med høg verdi» i tråd med lovutkast til lov om datadeling («datadelingsloven») slik det ligg føre i NOU2024:14 bør i tillegg bruke

Standard for beskrivelse av datasett med høy verdi (HVD-DCAT-AP-NO)

Anbefalinga er gjeldande. DCAT-AP-NO (v1) vart innført 15.11.2016. HVD-DCAT-AP-NO vart innført 26.11.2024.

Rettleiar

Det føreligg ingen eigen rettleiar utover rettleiande tekst som inngår i standardane.

Lenke til standardar

DCAT-AP-NO

HVD-DCAT-AP-NO