Elektronisk handelsformat (EHF) er ein standard for elektroniske meldingar i anskaffelsesprosessen.
Er EHF obligatorisk eller tilrådd?
Sjå kva EHF som er obligatoriske eller anbefalte i referansekatalogen for IKT-standarder:
Bruk av standarder i anskaffelsesprosessen
Kort om Elektronisk handelsformat (EHF)
Elektronisk handelsformat (EHF) gjer det mogleg med standardisert, elektronisk kommunikasjon mellom verksemder, utan direkte integrasjonar mellom datasystem.
Finn ut kva EHF er og korleis det blir forvalta:
Tekniske EHF-guider:
- Kontraktsgjennomføringsfasen (post-award)
- Konkurransegjennomføringsfasen (pre-award)
- Tilstøtande prosessar (eGovernment)
EHF-formatet er basert på Europeisk standard (UBL, CEN, Peppol BIS). Her finn du dei Europeiske Peppol BIS-formata:
For å kunne utveksle EHF treng du ein transportinfrastruktur. I Peppol eMeldingsnettverket (Peppol eDelivery) finn du informasjon om korleis det fungerer. Sjå kva systemleverandører som tilbyr aksesspunkt.
Finn informasjon om kva systemløysingar som er kompatible med EHF.
Finn ut kven som er i stand til å motta de forskjellige EHF.
Kvifor bruke EHF?
- Miljøomsyn
Det offentlege har i dag om lag 100 millionar fakturaer pr. år som sendast elektronisk (EHF og Peppol BIS). Elektronisk sending og mottak av faktura, kreditnota og purring vil spare miljøet for papir og sending av dokument med fly- og biltransporten til posten. CO2-utsleppa vil bli mindre, og mengda papiravfall redusert. - Spar tid og ressursar
I tillegg vil verksemda di spare tid og ressursar på ikkje-manuell handtering av dokument, og i staden bruka tid på kontroll, oppfølging og kunderetta arbeid. - Standardformat
Ved bruk av standardformatet Elektronisk handelsformat (EHF) kan aktørane sende og ta i mot dokument på same måte, slik at dokumentflyten går meir smidig og etterarbeidet på kontrollsida blir enklare. - Leveransestad
Bruken av aksesspunkt vil gjere utvekslinga enklare. Både sendar og mottakar veit at dokumenta ikkje blir borte under transport, og at det berre er éin stad å levere/hente dokumenta. - Les meir om vinster ved digitalisering.