Gjeld standardane for deg?
Ved å bruke obligatoriske og anbefalte IT-standardar for offentleg forvalting, blir tenestene samstemde, brukarvenlege, trygge og universelt utforma. Når standardisering og digitalisering aukar, blir samhandling i offentleg sektor betre, og vi får eit høgare sørvisnivå på tenestetilbodet til næringsliv og innbyggjarar.
Er du i denne gruppa bør du kjenne dei krav som sikrar deg din rett og gjer det mogleg å nytte det brukarutstyret du sjølv har valt, utan å skulle ta omsyn til offentlege verksemders løysingar.
Dette gjeld spesielt desse bruksområda:
Er du ute etter andre bruksområde enn desse, finn du dei i Referansekatalogen.
Er du tilsett i det offentlege, må du ha kjennskap til kva standardar du skal nytte i kommunikasjon med innbyggjarar og næringsliv, når du sender e-post eller du publiserer noko på nett. Det gjeld spesielt på desse bruksområda:
Er du ute etter andre bruksområde enn desse, finn du dei i Referansekatalogen.
Er du i denne gruppa, må du kjenne alle anbefalte og obligatoriske krav og ta omsyn til dei når du skaffer, utviklar eller set opp offentlege IT-løysingar. I tillegg kan det vere interessant for deg å følgje med på forslag og utgreiingar, for å kunne påverke nye krav og revisjon av eksisterande krav.
Gå til Referansekatalogen for å finne kva krav som gjeld dei ulike standardane.
Du treng ikkje kjenne detaljane i krava, men du skal sikre at dei fagansvarlege gjer det. Er du leiar eller ansvarleg for anskaffing, må du vite at krava eksisterer og at dei må tas omsyn til i anskaffingar, utvikling, oppsett og bruk av offentlege IT-løysingar.
Gå til Referansekatalogen for å finne kva krav som gjeld dei ulike standardane.
IT-standardar i offentleg forvalting er kategorisert som anbefalte eller obligatoriske avhengig av bruksområde, norske og europeiske lover, forordningar og forskrifter.
Obligatorisk vs. anbefalt standard
Ein obligatorisk standard skal følgjast med mindre du fell inn under ei unntaksordning i forskrift.
Anbefalte standardar skal nyttast med mindre du har gode grunnar til å la vere.
Referansekatalogen
Standardane er samla i ein referansekatalog. Referansekatalogen gir oversikt over IT-standardar for offentleg sektor.