H.264 er eit format for komprimering av videospor.
Standarden gjeld for følgande bruksområde:
Er H.264 obligatorisk eller anbefalt?
Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.
Kort om H.264
H.264 er utvikla med tanke på fremtidas HD-medium. Standarden er ei vidareutvikling av MPEG-1 og MPEG-2 og er designa for å forbetre kompresjon og redusere forvrenging. H.264 er spesielt utvikla for bruk med videostreaming over nettverk for applikasjonar som sanntidsvideokonferansar. Det er også brukt for filformat. Standarden omfattar komprimering for å gjere raskare utveksling av levande bilete over nettverk mogleg.
Kvifor bruke H.264?
Det som kjenneteiknar denne standarden er at den er i stand til å komprimere video og lyd særs effektivt og i høg kvalitet. Standarden er anerkjend, og vert halden ved like av ein ikke-kommersiell organisasjon (ISO). Utviklingsprosessen er open, transparent og ikkje-diskriminerande. Standarddokumenta er tilgjengelege mot avgift, men kan ikkje vidareformidlast. Det er knytt patentar med royaltykrav til standarden.
Fakta om standarden
Versjonsnummer: ISO/IEC 14496-10:2009
Type standard: Videokomprimering
Språk: Engelsk
Organisasjon: ISO/IEC