Hopp til hovudinnhald

På årets siste rådsmøte banka Arkitektur- og standardiseringsrådet gjennom versjon 3 av DCAT-AP-NO, og innførte ein ny standard, HVD-DCAT-AP-NO. Bak akronyma skjuler det seg spennande nytt for alle offentlege verksemder og offentleg eigde selskap som har ambisjonar om å skaffe seg oversikt over eigne data, og dele den med andre.

Vi må ha oversikt for å dele

DCAT-AP-NO er ein del av grunnmuren i datadeling i offentleg sektor og er meint for alle verksemder som vil synleggjere kva datasett dei har. Standarden seier deg korleis du skal beskrive datasett og API-ar på ein felles måte, slik at data er enklare å finne og ta i bruk på tvers av system og verksemder. Den er med andre ord heilt naudsynt for at vi skal lukkast med å dele data både i og ut av offentleg sektor.

Standarden bør brukast for å stille krav til leverandørar av dataplattformer, datakatalogar og andre verktøy knytt til innsamling, forvaltning og deling av data. Dette gjer det enkelt for deg å etterleve krav om synleggjering av data i den nasjonale datakatalogen data.norge.no.

Dekryptering av akronyma

Som alle standardar med respekt for seg sjølv gøymer dei seg bak kryptiske akronym. DCAT, som står for Data Catalog Vocabulary, kjem frå standardiseringsorganet W3C. DCAT er ei slags innhaldsliste over kva du kan beskrive ved datasett og API-ar. Til dømes kan du oppgi tittel og beskriving for datasettet, kva lisens som gjeld og masse anna snadder. AP står for Application Profile, og er definert av EU. Dei stiller krav til kva opplysningar som er obligatoriske og anbefalte. NO angir at det er ei eiga norsk utviding av EU sin applikasjonsprofil. Vi har enno litt strengare krav enn EU, i tillegg til at vi støttar meir detaljerte beskrivingar. Alt dette er for at det skal være enkelt å finne, vurdere og ta i bruk datasetta.

HVD står for High Value Datasets, og kjem frå EU sitt regelverk om opne data og vidarebruk. EU definerer her ei rekke datasett som «datasett med høg verdi» som dei stiller ekstra krav til når det gjeld korleis dei skal beskrivast og delast. Desse krava er definert i HVD-DCAT-AP-NO.

Vi lukkast ikkje utan innspel

Standardane blir gjeldande for offentleg sektor i Norge frå 1. januar 2025, og markerer ein lengre prosess som har gått føre seg internasjonalt (i regi av W3C og EU) og nasjonalt (i regi av Digdir). Under høyringa i Noreg kom det inn omkring 150 merknadar frå fleire titals verksemder, og Digdir har hatt tett dialog med fleire av dei.

Takk til alle som bidrog med gode høyringssvar. Det har vore heilt avgjerande for å sikre eit så godt resultat som mogleg. Takk også til alle som hugsar å bruke Referansekatalogen for IT standardarar til å stille krav ved innkjøp av dataplattformer. Dette er eit viktig bidrag til datadelinga i (og ut av) offentleg sektor.

Tirsdag 28. januar inviterer vi til eit ope informasjonsmøte om standardane og korleis dette påverkar leverandørar og datatilbydarar. Følg gjerne også med på nyhetsbrevet til Digdir for meir informasjon.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller innspel til oss.

Kontakt

Informasjonsforvaltning