Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Universell utforming
Tid:
Tysdag 27. februar kl. 08:00–11:00, 2024
Stad:
Pressens Hus, Skippergata 24, 0154 Oslo

Tilsynet i Digdir inviterer til lansering av sektortilsynsrapport for opplæringssektoren. Tema er status for digitale løysingar i grunnopplæringa og tilsynet gir sine råd til sektoren framover.

Digitale løysingar i skulen er komne for å bli. God digitalisering er eit politisk strategisk mål. Elevar skal tileigne seg grunnleggande ferdigheiter, også gjennom bruk av digitale løysingar. Men fungerer dei digitale løysingane for alle elevar?

Tilsynet for universell utforming av ikt brukte heile 2023 til eit sektortilsyn med opplæringssektoren, der vi både har gjennomført tilsyn, gjort kartleggingar og hatt dialog med brukarorganisasjonar, bransje og verksemder. Vi oppsummerer våre funn i ein sektortilsynsrapport som ser på i kva grad barn og unge kan delta digitalt i undervisning på like vilkår.

Rapporten blir lansert i dette arrangementet ved tilsynsdirektør Malin Rygg, og vi har med gjester som gir kommentar og som deler erfaringar.

Program

08:15 Kaffi og registrering

09:00 Opningsinnlegg ved Gunn Karin Gjul, statssekretær i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

09:10 Presentasjon av rapporten, ved Malin Rygg, tilsynsdirektør i Digdir

09:35 Innlegg ved Sindre Lysø, statssekretær i Kunnskapsdepartementet

09:45 Kommentar frå Synnøve Amdam, førsteamanuensis ved Institutt for digital kompetanse, Høgskulen i Volda

10:10 Kommentar frå Ivar Stokkereit, fagsjef hos Barneombudet

10:20 Spørsmål

Arrangementet er gratis og det er mogleg å delta anten fysisk eller digitalt. Lenke til digital deltaking vil bli sendt ut i forkant av arrangementet.

Kontakt

Torhild Kristin Brudvik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 48288309