Hopp til hovudinnhald

Frå i dag gjeld nye krav om universell utforming av nettstader og appar som følgjer av EUs webdirektiv (WAD). Dei nye krava gjeld for offentleg sektor, som frå i dag også skal ha tilgjengelegheits-erklæring på sine nettsider.

I dag er ein merkedag i Noreg. Frå 1. februar i år startar webdirektivet å gjelde, og det betyr at verksemder i offentleg sektor skal følge nye lovpålagde krav om universell utforming av IKT. Dei skal også publisere tilgjengelegheitserklæring på sine nettstader. Erklæringa viser om nettstaden følger krava.

Sidan i haust har verksemdene logga inn i uustatus.no for å opprette tilgjengelegheitserklæring og fristen for å publisere er i dag. Dette er eit viktig steg for å redusere digitalt utanforskap, fordi det bidreg til at offentlege nettstader vert meir tilgjengelege for alle innbyggarar. Med tilgjengelegheitserklæring skal alle verksemdene også ha ein tilbakemeldingsfunksjon der innbyggarane kan melde inn feil dei finn på nettstadane.

– No som fristen er ute, kjem vi til å gå gjennom våre lister og sjå kven som skal følgast opp. Ikkje alle er i mål med å publisere tilgjengelegheitserklæring, og vi oppmodar desse til å få på plass erklæring så raskt som råd. Hugs at erklæringa er eit godt verktøy for å jobbe systematisk med universell utforming, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Vi oppmodar innbyggarar om å sjekke tilgjengelegheitserklæringane i løysingane dei brukar og melde frå om det er noko.

Korleis ligg verksemdene an

Hittil i dag har 1524 verksemder logga inn i uustatus.no og oppretta til saman 3319 erklæringar. Av desse er 1020 publisert. Mange verksemder har meir enn éi løysing å lage erklæring for.

For å lage erklæring, er det obligatorisk å bruke skjemaet på uustatus.no. Dette er ei felles løysing levert av Digdir for alle verksemder i offentleg sektor som skal publisere erklæring. Løysinga vart lansert i oktober 2022.

486 verksemder er i mål med sine erklæringar. Av dette er det 162 kommunar og 10 fylkeskommunar og 94 statlege verksemder.
Tilsynet vil oppdatere statistikksidene på uutilsynet.no med meir informasjon framover.

Tredjepartsløysingar

Fleire har teke kontakt med tilsynet med spørsmål blant anna om tredjepartsløysingar. Det er viktig å publisere og få på plass erklæring likevel, og å halde oppe dialogen med leverandør for å få dette på plass.

Sanksjonar

Tilsynet vil i første omgang kontrollere om det er publisert tilgjengelegheitserklæring. Kontrollar med innhaldet i erklæringane kjem truleg først i 2024. Men det er viktig å vere merksam på at manglande publisert erklæring kan føre til sanksjonar i form av dagbøter. Tilsynet plukkar ut verksemder for kontroll ved stikkprøver.

Om dei nye krava

Med webdirektivet (WAD) vert regelverket i Noreg delt for offentleg og privat sektor. Frå før har vi hatt 35 tekniske krav. Med WAD får vi tolv nye tekniske krav for offentleg sektor frå standarden Web Content Accessibility Guidelines, WCAG 2.1, og i tillegg ei plikt om å ha ei årleg oppdatert tilgjengelegheitserklæring på sine nettstader.

Pressespørsmål

Torhild Kristin Brudvik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 48288309

Malin Rygg

Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 97197317