Hopp til hovedinnhold
27. mai 2022

Målet vårt om å skape verdas beste digitale offentlege sektor og arbeidet for å nå FNs berekraftmål går hand i hand.

To personar studerer dataskjermar
Lagring i skya er mindre miljøbelastande enn gårsdagens løysingar. Det er ein av grunnane til at vi må finne gode svar på utfordringene som Schrems II reiser, skriv Steffen Sutorius.
Foto: Gorodenkoff/Shutterstock

Berekraft handlar om effektivisering, automatisering, sirkulærøkonomi, tenestegjering og grønn vekst – altså om å løyse dagens utfordringar på smartare og meir berekraftige måtar.

Mange av løysningane vi treng for å løyse utfordringane i dag må vere digitale. Difor er berekraft og digitalisering to sider av same sak.

Treng meir gjenbruk

For at digitaliseringa skal bli meir berekraftig, må vi bli enda betre enn i dag på deling og gjenbruk av digitale løysingar. Ei av Digdirs hovudoppgåver er å auke bruken av og videreutvikle det nasjonale økosystemet for digital samhandling slik at det dekkar både eksisterande og nye fellesbehov.

Siden 2016 er bruken av dei digitale fellesløysingane frå Digdir omlag tidobla frå å inngå i rundt 1.000 til snart 10.000 offentlege digitale tenester. Berre i 2021 auka bruken av Kontakt- og reservasjonsregisteret i Digdir med 67 prosent. Trafikken i påloggingsløysinga ID-porten auka med heile 29 prosent til totalt 317 millionar innloggingar. Altinn åleine formidla over 94 millionar sendingar i fjor, ein vekst på over 10 prosent. Potensialet for vekst er framleis stort.

Men auka bruk betyr også meir drift, forvaltning og beredskap. For å ta ut gevinstpotensialet i fellesløysingane er det nødvendig med langsiktig og berekraftig finansiering for å sikre føreseielegheit, innovasjonsevne og auka utbreiing.

I denne samanhengen er det også fint å minne om at Altinn er erklært som eit digitalt fellesgode. Det inneber at andre – både i Noreg og andre land – kan gjenbruke kildekoden for å utvikle meir berekraftige digitale løysingar. Gjennom Altinn bidreg Noreg direkte til å nå FNs berekraftsmål også i andre land.

Meir deling av data er berekraftig

EUs Open Data Maturity Report viser at Noreg har gjort vesentlege framsteg frå 2020 med å dele data, men vi deler og gjenbruker framleis data i mindre grad enn vi kan. Årsakane er samansette, for eksempel manglande kompetanse, insentiv og usikkerheit om rettslege rammer.

For at digitaliseringa skal bli meir berekraftig, må vi bli enda betre enn i dag på deling og gjenbruk av digitale løysingar

Digdir har sett i gang fleire satsingar for å støtte verksemdene. Det nasjonale ressurssenteret for deling av data aukar tilgangen på kompetanse i offentleg sektor. Ei nasjonal verktøykasse for deling av data gir konkret hjelp til verksemdene.

Datafabrikken gjer data tilgjengeleg for små og mellomstore bedrifter, og nettforumet Datalandsbyen gjer det mogleg for dataeigarar og brukarar å møtast og få hjelp.

Og Datafabrikken gir resultat. Eit eksempel er startupen Material Mapper som utviklar ei databasert plattform for ombruk av byggematerialar. Det kan bidra vesentleg til å nå miljømål, når vi veit at byggebransjen står for ca 15 prosent av klimagassutsleppa i Noreg, og er også den største enkeltkjelda til avfall.

Digitalisering lagar fotavtrykk

Digitalisering har også krevjande sider. Opptil 95 prosent av klimaavtrykket frå digitale løysingar stammar frå produksjonen, og datalagring krev enorme mengder straum. Jo meir data, jo større utslepp.

Difor er måten vi lagrar data på avgjerande. Tidlegare lagra vi våre data på eigne serverar, som i snitt utnytta 15–25 prosent av kapasiteten. Når vi lagrar i skya, kjøper vi berre den lagringsplassen vi treng. Med skyløysingar utnyttar vi lagringsplassen betre enn tidlegare, og datalagringa er difor mindre miljøbelastande enn gårsdagens løysingar. Det er ein av grunnane til at det er avgjerande å finne gode svar på utfordringane som Schrems-II reiser.

Eg er sikker på at vi finn nødvendige løysingar undervegs, og på den måten klarer å skape god digitalisering som bidreg til ei berekraftig utvikling.

(Dette innlegget vart første gong publisert i Computerworld 19. mai 2022)

Steffen Sutorius portrett
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Steffen Sutorius

Sutorius var direktør i Difi og Digitaliseringsdirektoratet i perioden 2016-2022. Han har bakgrunn fra konsulentselskapet Metier og fra Statens pensjonskasse der han gjennomførte av et av de største smidige it- og endringsprosjektene i offentlig sektor, Perform. Sutorius er siviløkonom fra Norges handelshøyskole.

Forfatter

Steffen Sutorius portrett
Steffen Sutorius
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarer (2)

S

Silja Lena Løken

23. februar 2024

Hvorfor er det ikke laget regler og retningslinjer på hvordan vi skal minimere digitalt avfall i Norge? Digitalt avfall menes data og filer som oppstår som et resultat av vår digitale aktivitet og som ikke lenger er i bruk eller er relevante. Det kan inkludere gamle filer, programmer, e-postmeldinger, bilder, videoer osv. De store lagrene til TIK TOK og Google som etableres i Norge er jo helt hinsides. Da må man ta tak i årsaken til problemet. Hvilke data og hvor store mengder data skal vi lagre og hva kan alle gjøre for å redusere sitt digitale avfall hjemme og på jobb. Dette burde vært en sentral oppgave for Digdir.

Som svar på av Silja Lena Løken (ikke bekreftet)

K

Karete Hvidsten

29. februar 2024

Hei Silje, og takk for kommentaren din! God digitalisering er bærekraftig, og Digdirs sentrale bidrag på området er å legge til rette for gjenbruk av digitale løsninger og økt deling av data mellom virksomheter. Vi jobber derfor primært med å få flere virksomheter til å gjenbruke eksisterende data og løsninger, og på den måten redusere det digitale klimaavtrykket. Hilsen Karete, Digdir

Kommenter

Felt merket med en rød stjerne (*) er obligatoriske.

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Er du et menneske?
4 + 16 =
Løs dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.