Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 6. desember kl. 09:00–11:00, 2023
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I møtet onsdag den 6. desember kl. 9 – 11 har vi følgjande tema:

09:00 «Prosjektorganisert informasjonsforvaltning»

I Fiskeridirektoratet har ein organisert informasjonsforvaltning som eit program, med ei rekkje underliggjande prosjekt. Prosjektleiarane Ida og Aslak fortel i denne gjennomgangen om dei tverrfaglege prosjekta intern datakatalog, rammeverk for optimal dataflyt, tilgjengeleggjering av data – og erfaringane deira med å organisere arbeidet med informasjonsforvaltning på denne måten.
Presentert av Ida Flaageng og Aslak Øvstetun frå Fiskeridirektoratet

10:00 «Alle snakkar om datadeling – erfaringar og døme på tvers av bransjar»

Dei fleste sektorar utforskar i dag måtar å dele data og samarbeide på. Det blir finnast ikkje éi løysing som passar for alle, men det finnast mange likskapar, og det blir utvikla god praksis og gode løysingar som kan gjenbrukast på tvers.

Digital Norway har over lengre tid samarbeidt med mange ulike miljø innanfor både privat og offentleg sektor knytt til temaet datadeling. Digital Norway arbeider aktivt med å samanfatte, formidle og spreie døme på god praksis frå datadeling i ulike sektorar – til inspirasjon og læring for fleire. Seinaste erfaringsoverføring er frå Jordbrukssektoren og aktøren MIMIRO, sjå: Landbruksdata: Slik sparar maskinlæring bonden for 100 000 kroner - Digital Norway Dette er ein del av arbeidet Digital Norway gjer med å følgje opp ekspertrapporten knytt til deling av industridata, sjå https://digitalnorway.com/engasjerer-digital-norway-for-a-styrke-deling-av-industridata/
Helge Dahl-Jørgensen frå Digital Norway vil dele gode døme frå datasamarbeid i ulike bransjar, og Christian Schøyen frå MIMIRO vil fortelje om god praksis og verdien av datasamarbeid i jordbrukssektoren

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for informasjonsforvaltning og datadeling 06.12.23 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09

Prosjektorganisert informasjonsforvaltning i Fiskeridirektoratet