Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I neste møte har vi følgjande tema:
09:00 «Samanhengande kommunale tenester ved bruk av lågkode og felleskomponentar: Korleis unngå fallgruvene og ta vare på kvalitet»
Gode skjema tilgjengeliggjør kommunale tenester og tar vare på demokratiet. Automatisering av skjemaprosessar gir høg kvalitet og ei sømløs innbyggjaroppleving. Bruk av lågkode og felleskomponentar gjer at kommunane enkelt kan tilby samanhengande tenester basert på livshendelser og behovet til innbyggjarane.
MultiForm frå KF er ei lågkodeplattform som meir enn tjue kommunar og fylkeskommunar bruker for å byggje dei beste tenestene for innbyggjarane sine. Eit praktisk døme frå Rogaland fylkeskommune viser korleis dette effektiviserer og tar vare på kvaliteten i offentleg forvaltning. Og ikkje minst kva fallgruver ein bør unngå på vegen mot automatisering og digitalisering av tenestene
Presentert av Kristin Lunde Sørdal, produktansvarleg i KF
10:00 "Skildringa av databehandling og applikasjonar i metadatavokabular"
I dette innlegget vil Georg Philip Krog, médgründer og juridisk leiar av Signatu, presentere den skybaserte Saas-plattforma for å beskrive databehandling med eit metadatavokabular, kommunisere databehandling internt og eksternt til menneske, maskiner og AI, og logge avgjerder som blir tatt basert på databehandlingsskildringane. Georg har utvikla metadatavokabularet sidan 2015 og saman med standardiseringsorganisasjoner sidan 2018. Han starta ved Universitetet i Oslos juridiske fakultet, var forskar ved Max Planck Institute og Fulbright Scholar ved Stanford Law og Harvard Law Schools. Før Signatu har han jobba eit tiår som konsulent innan personvern-, kontrakts- og opphavsrett.
Presentert av Georg Philip Krog.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for informasjonsforvaltning og datadeling 17.01.2024 | Datalandsbyen (norge.no)
Vel møtt!