Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I neste møte har vi følgjande tema:
09:00 «Felles tenestekart og arkivnøkkel for kommunal sektor?»
Korleis tradisjonelle arkivkodar har vorte ein standard for felles omgrep som kommunen trygt kan bruka inn i eigne digitale løysingar
Presentert av Stephanie Løvenskiold og Haakon Meland Eriksen, KF
10:00 «Datasamarbeidet i samferdselssektoren»
Datasamarbeidet jobbar saman med Felles datakatalog for å gjera sistnemnde til den naturlege inngangsporten for informasjon om - og tilgang til - data! Me vil forenkla og effektivisera måten data blir tilgjengeleg på gjennom søknad og tilgangsstyring på nasjonalt nivå, slik at dette ikkje må gjerast ute i kvar enkelt verksemd. Bli med for å høyra om korleis behova dine kan vera med å forma arbeidet og stake ut framtida for datatilgang i Noreg.
Presentert av Tine Kleivane, Entur
Om datasamarbeidet:
Målet til samarbeidet er å senka barrierane for datadeling og leggja til rette for at delt data skaper verdi på tvers av verksemder. Samarbeidet er initiert og finansiert av Samferdselsdepartementet og består av Avinor, Bane NOR, Entur AS, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye vegar AS og Statens vegvesen. Entur har ansvaret for å koordinera samarbeidet.
Les meir på: https://samferdselsdata.no/
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for informasjonsforvaltning og datadeling 03.04.2024 | Datalandsbyen (norge.no)
Vel møtt!