Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 22. mai kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I neste møte har vi følgjande tema:

09:00 «Digitalisering av helsetenesta – korleis Norsk helsenett bidreg til å operasjonalisera datadeling på tvers av helsesektoren»

Helsepersonell har behov for å kunna søkja opp relevante og nødvendige helseopplysningar når dei yter helsehjelp til pasientar, på ein enkel og sikker måte. Behovet for enklare tilgang til relevante og nødvendige opplysningar gjeld uavhengig av kvar opplysningane er registrerte. Ein slik tilgang til helseopplysningar bidreg til raskare og sikrare pasientbehandling. Digitale løysingar vil erstatta dagens manuelle prosessar og kan vera tidssparande i seg sjølve. Digitalisering inneber likevel at ein må handtera utfordringar med store datamengder, ulike typar opplysningar og krav til tilgjengelegheit.

Tillitsrammeverket etablerer felles spelereglar som sikrar ein felles aksept for personvern og informasjonstryggleik i løysinga, på ein måte som underbyggjer målet om auka pasienttryggleik. I helsesektoren blir det jamleg hevda at det er konflikt mellom omsynet til tilgjengelegheit og omsynet til konfidensialitet. Det er likevel i interessa til pasienten at relevante og nødvendige opplysningar er tilgjengelege for helsepersonell som yter helsehjelp. Det er òg i interessa til pasienten at opplysningane ikkje kjem fram til uvedkomande. Tillitsrammeverket legg til rette for at det ikkje er motsetningsforhold mellom desse interessene.

Tillitsrammeverket blir operasjonalisert, blir forvalta og blir handheva sentralt av Norsk helsenett (NHN) slik at alle verksemder som digitalt vil dela eller be om tilgang til helseopplysningar forheld seg til éin organisasjon som kravstiller, legg til rette for funksjonalitet og er administrator.

I denne presentasjonen får du høyra om

- kva tillitsrammeverket er i dag og

- korleis me ser for oss at ei meir formålstenleg deling av data i helsesektoren kan operasjonaliserast i tida framover
Norsk helsenett ved Simone Vandeberg, områdeprodukteier team tillit og Kristin Lyng, domeneeier tillitstjenester

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 22.05.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09