Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I neste møte har vi følgjande tema:
09:00 «Fosterforeldre og tilgangen til helseopplysningane for barna»
Riktig digital representasjon av barn er ei utfordring på mange tenesteområde i offentleg sektor. Fosterforeldre har ingen tilgang til helseopplysningar for fosterbarn på Helsenorge, og erfaringar frå pandemien viser at dette kan skapa store utfordringar. Bufdir, Skatteetaten, Helsedirektoratet og Norsk Helsenett har gjennom ei utgreiing levert ei tilråding om korleis dette kan løysast for heile offentleg sektor.
Saka blir presentert av Vibeke Herikstad, Seniorrådgivar i Helsedirektoratet m.fl.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 29.05.2024 | Datalandsbyen (norge.no)
Vel møtt!