Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 12. juni kl. 09:00–11:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

i det siste møtet før sommarferien har me følgjande to tema:

09:00 «Katalogar og metadatarepository: Korleis organisera og finne informasjon i Skatteetaten?»

For å forvalte informasjonen vår slik at han bidreg til forenkling og digitalisering, må vi vite kva informasjon vi har, kva han betyr, kva han kan brukast til og kven som kan bruka han. Ikkje minst må vi vite kvar vi finn han.

Skatteetaten har etablert eit rammeverk for informasjonsforvaltning som skal sikre at etaten handterer informasjon på ein systematisk måte. I tillegg til rammeverket har etaten utvikla fleire katalogar og verktøy som støttar opp under rammeverket. Katalogane gir ein standardisert måte å beskrive dei ulike dataa på, og har ført til betre forståing av informasjonen som etaten forvaltar.

I denne presentasjonen får du høyre om korleis desse katalogane kan bidra til å skape gode skildringar av data, auke gjenbruk av informasjon og gjere det enklare å søkje etter informasjon. Vi skal også sjå på korleis ein kan byggje ein kunnskapsgraf som er søkbar og oversiktleg, som knyter saman metadataa på tvers av desse katalogane gjennom eit felles metadatarepository (Datakatalog).

Ved Tom Bergan, informasjonsforvaltning/deling/innhold, informasjonsarkitekt

10:00 «Deling av data i kommunal sektor»

PriceWaterhouseCoopers AS (PwC) har på oppdrag frå KS Program for storbyrettet forsking gjennomført ei utgreiing som viser moglegheitene for deling av data i kommunesektoren, anten det er internt i kommunane og mellom tenesteområda, eller mellom kommunar. I utgreiinga deltok Drammen, Bærum, Kristiansand, Oslo kommune og Bergen kommune som har hatt ansvaret for gjennomføringa av prosjektet.

Kjetil Århus og Hildegunn Grindheim frå Bergen kommune presenterer rapporten og kommenterer funna sett ifrå sine perspektiv. Frå KS kjem Tristan Rolstad for å delta i diskusjonen og å svara på spørsmål i etterkant.

Sjå også: https://www.ks.no/fou-sok/2024/deling-av-data-i-kommunal-sektor/

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 12.06.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!