Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har me følgjande tema:
09:00 «Samarbeid på tvers om Data Spaces – erfaringar frå Helse»
Som følgje av forordninga om European Health Data Space (EHDS) må kvart EØS-land få nokon definerte kapabiliteter på plass relatert til bruk av helsedata for sekundærformål. For å gjere det enklare for ekspertar i dei ulike landa å hjelpe kvarandre i dette arbeidet har EU-kommisjonen laga eit strukturert opplegg, såkalla Community of Practice (CoP). Kanskje hadde det vore nyttig med noko liknande i Noreg relatert «data spaces» i samsvar med Data Governance Act, men på tvers av sektorar i staden for land?
Klara Lundgren vil fortelje om dette opplegget og dele erfaringar så langt frå deltaking i Cop-gruppa om sikre analyserom.
Presentasjonsdelen vil også innehalde ei kort oppdatering om status i prosjektet SPUHiN der ein mellom anna jobbar med å ta fram krav til sikre analyserom basert på det som vil kome med EHDS-forordninga (presentert i Fagleg arena 10. januar).
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 28.08.2024 | Datalandsbyen (norge.no)
Vel møtt!