Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har me følgjande tema:
09:00 «Verksemdslommebøker - ein nøkkel til å oppnå forenkling og innsparingar?»
Korleis kan me henta ut forretningsverdi ved å skape gode digitale bevis og dele desse ved bruk av lommebokteknologien?
Innlegget vil fokusere på korleis innføringa av eIDAS og unik ID for juridiske personar opnar for å forbetra prosessar og innsparingar for næringslivet og offentlege aktørar.
Jan Otto Johansen frå Brønnøysundregistera presenterer.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 09.10.2024 | Datalandsbyen (norge.no)
Vel møtt!