Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 16. oktober kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet, onsdag den 16. oktober kl. 9 – 10, har me følgjande tema:

09:00 «Informasjonforvaltning - kva må eigentleg til? Ein liten fot i bakken»

God informasjonsforvaltning er viktig høyrer du? Det er mykje som handlar om data for tida. Data skal bli forvalta, datastyring skal på plass og me alle skal bli datadrevne, datakyndige, ha orden i eige hus og gjera muleg både sjølvbetjent og avansert analyse, og kunstig intelligens. Alt dette er faktisk ganske mykje og komplekst, nytt for mange og opplevast som vanskeleg. Men det handlar mykje, mykje meir om folk, kunnskap, ansvar og (data)kultur enn teknologi og verktøy.
Dette krev ein del av oss alle, frå forretning til IT, og me er heilt avhengige av at alle har den samarbeidsvillige og løysingsorienterte hatten på. Høyr frå nokre av erfaringane våre på reisa mot ein datadrevet etat»
Geir Myrind frå Skatteetaten presenterer

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 16.10.2024 | Datalandsbyen (norge.no)

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09