Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 06. november kl. 09:00–10:00, 2024
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har me følgjande tema:

09:00 «Orden i alle hus på 1-2-3»

Ein praktisk bruk av våre (inter)nasjonale standardar for metadatabeskrivelser basert på konkrete hendingar, tenester og omgrep frå eit reelt brukstilfelle hos Tolletaten. Vi vil sjå nærare på korleis vi kan beskrive desse med maskinlesbar kunnskap, som eit trinn i å etablere Orden i eige hus. Resultatet vil vere interoperabile metadata klargjort for Felles datakatalog, og som dermed er klare til å brukast av deg og andre. For utan interoperabile metadata, har du ingen interoperabile data

Presentert av Veronika Heimsbakk frå Capgemini og Filip Hansen frå Tolletaten

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 06.11.2024 | Datalandsbyen

Vel møtt!