Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 «Orden i kulturmiljødata»
Informasjon er ein av dei viktigaste ressursane i offentleg sektor, og god informasjonsforvaltning er avgjerande for å utnytte denne ressursen. Prosjektet Orden i kulturmiljødata (OK-data) skal sørgje for at kulturmiljødata er lett tilgjengelege og har høg kvalitet der det er viktig. Ein viktig framtidig gevinst ved å auke datakvaliteten er å gi betre avgjerdsgrunnlag for både tilsette i kulturmiljøforvaltninga, for eigarar av kulturminne, for areal- og byplanleggjarar og for utbyggjarar i privat og offentleg sektor. Den viktigaste leveransen i prosjektet er ein omgrepskatalog med dei mest sentrale omgrepa i kulturmiljøforvaltingen. Vi vil i møtet snakke litt om bakgrunnen for prosjektet, leveransar og planar vidare og gi eit innblikk i korleis vi har bygt opp omgrepskatalogen vår.
Presentert av Solveig Skjermo, seksjonsleiar digitale tenester og Maren Teigen, informasjonsarkitekt - begge frå Riksantikvaren.
10:00 «Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2024: «Finne sin veg mot nye tider»
Joakim Lystad fortel om Digitaliseringsrådets nyaste rapport «Finne sin veg mot nye tider» og om erfaringane sine som ny rådsleiar.
Her kan du lese meir om Digitaliseringsrådet og rådsmedlemmane.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning 22.01.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!