Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande tema:
09:00 «RSS for data»
Graham Moore presenterer her det grunnleggjande konseptet med å utnytte generiske APIer for å transportere data av ulike strukturar og storleikar. Presentasjonen understrekar korleis datadelingsprotokollar kan koplast frå dei spesifikke formata til dei overførte dataa. I tillegg framhevar han fordelane ved å integrere semantisk teknologi med desse protokollane. Graham viser også korleis selskap som TINE og MIMIRO effektivt brukar denne tilnærminga for å leggje til rette for sømløs datadeling.
Presentert av Graham Moore, CTO, MIMIRO
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 29.01.2025 | Datalandsbyen
Vel møtt!