Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 5. februar kl. 09:00–10:00, 2025
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 «Erfaringar frå Datahotellet»
Datahotellet (hotell.difi.no) har sidan 2011 vore ei sentral løysing for distribusjon av opne data frå offentlege verksemder. 11. februar stenger det for godt. I dette foredraget får du innsikt i erfaringane med datadeling gjennom Datahotellet, kva datasett som har vore tilgjengelege, og korleis dei har blitt nytta. Du får òg nyttige råd både for deg som tilbyr data og for deg som brukar dei.

Presentert av Livar Bergheim, Digdir

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning 05.02.2025 | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 41 40 09