Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet, onsdag 2. september, har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Korleis kan kommunal sektor redusere avhengigheita av leverandørmarknaden, dei få, for å gi rom for fleire?»
KS har i 2026 gjennomført ei større kartlegging og analyse av «leverandørmarknaden for digitale løysingar i kommunal sektor», utført av Oslo Economics og Capto.
Offentleg sektor treng leverandørmarknaden med på laget. Men kartlegginga viser at det til dels er få leverandørar til kommunal sektor. Resultatet er avgrensa tilgang til data, manglande dataintegrasjon og generelt manglande interoperabilitet, noko som kan gi sterke innlåsingseffektar.
I rapporten får KS ei rekkje konkrete tilrådingar om tiltak. Vidareutvikling av standardar og arkitekturprinsipp, betre tilgang til data og sterkare kompetanse på anskaffing og forvaltning av digitale løysingar er nokre av forslaga.
Vi spør:
- Korleis kan vi redusere avhengigheita av leverandørmarknaden?
- Kva for tiltak som er foreslått i rapporten, bør KS prioritere, og korleis kan desse gjennomførast?
- Korleis kan stat og kommunar samarbeide i eit større økosystem for å oppnå eit betre resultat?
- Er det andre tiltak som burde vore tekne med i rapporten?
Prosjektleiar Line Gaare Paulsen, spesialrådgivar for strategisk leverandøroppfølging i KS, vil gå gjennom undersøkinga med ønskje om ein etterfølgjande diskusjon.
Du finn
Kartlegginga, del 1 - her.
Kartlegginga, del 2 - her.
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
02.09.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen