Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet, onsdag 11. november, har vi følgjande tema:
09:00 – 10:00 «Regjeringa sin nye forenklingsstrategi og den digitale omstillinga av næringslivet»
Før sommaren la regjeringa fram ein strategi for forenkling for næringslivet. Dette er eit nytt grep. Tidlegare har forenklingsarbeidet følgt opp einskildtiltak som kvar for seg har bidrege til forenkling. Strategien er ein del av prosjektet «Styrkt konkurransekraft», som inngår i «Regjeringa sin plan for Noreg».
Utgangspunktet for strategien er at rapportering til styresmaktene berre er toppen av isfjellet når det gjeld dei samla administrative byrdene til verksemdene. Eit sentralt grep i forenklingsstrategien er derfor å sjå forenkling i samanheng med den digitale omstillinga av næringslivet, digital dataflyt og automatisering, og på den måten bidra til auka produktivitet og konkurransekraft.
Då strategien vart lansert, sa næringsminister Cecilie Myrseth:
«Regjeringa ønskjer å strekkje ut ei hand og samarbeide med næringslivet om eit langsiktig mål som eg kallar «Frå plikt til flyt». Vi skal sjå på standardar, datadeling og digitale verktøy som gjer det enklare å gjere rett, og som gir mindre manuelt arbeid og lågare kostnader for små og mellomstore bedrifter.»
Presentert av Tor Hugo Hauge, Fagdirektør i Nærings- og fiskeridepartementet og Steinar Skagemo, Seniorrådgjevar i Brønnøysundregistera
Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:
11.11.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen