Hopp til hovedinnhold
Emner:
  • Datadeling
  • Digital samhandling
  • Fellesløsninger
Tid:
onsdag 25. november kl. 09:00 – 10:00, 2026
Sted:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet, onsdag 25. november, har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Frå datastrategi til datadriven verksemd»

Vi har ein datastrategi, ei dataplattform og store ambisjonar for KI. Men teknologi åleine gjer oss ikkje datadrivne. Skal vi lukkast med å bruke data betre til forenkling, førebygging, betre tenester og betre avgjerder, må vi òg utvikle måten vi arbeider på, samarbeider og tek ansvar for data.

Vi ser nærare på kva dette betyr for oss som arbeider i Brønnøysundregistra, og vi bruker datareisa som ein raud tråd for å utforske kva som må henge saman for at data skal skape verdi.

Presentert av Marit Hom Torseth, fagdirektør ved Brønnøysundregistrene


Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

25.11.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09