Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.
I det neste møtet har vi følgjande agenda:
09:00 Anarki eller opplyst einevelde? Data Governance er ei naudsynt brikke i digital transformasjon
Data Governance må vere integrert med anna styring og utvikling i verksemda, så som forretning, organisasjon, portefølje, kompetanse, avtalar og arkitektur. Governance er sjølve G-en i berekraft (ESG). Verksemder må finna ein involverande styringsmodell i ytterpunkta mellom anarki og opplyst einevelde. Case frå operasjonalisering i Statnett på Building Information Management (BIM) vert brukt for å illustrera metodisk tilnærming. Andre nøkkelord er informasjonsarkitektur, informasjonssikkerheit, DAMA, organisasjonspsykologi, statsvitenskap, Master Data Management og datakatalog.
Presentert av Tormod Varhaugvik, senior virksomhetsarkitekt frå Bouvet
10:00 Tilda og risikobaserte tilsyn
Tilda er ei datadelingsteneste for alle tilsynsaktørar i Noreg. Eit av dei viktigaste effektmåla ein har i Tilda er å avdekkja verksemder som har ein risiko for brot på regelverk på ein effektiv måte – risikobaserte tilsyn.
Presentert av Knut Lervåg, Fiskeridirektoratet, og Kåre Knutsen, Brønnøysundregistrene
Opptak av møtet blir gjort tilgjengeleg for møtedeltakarane i ettertid.
Skriv gjerne i Datalandsbyen om du har spørsmål til innleiarane: Faglig arena for informasjonsforvaltning og deling av data 18.01.2023 | Datalandsbyen (norge.no) eller kom med forslag til nye tema for komande Fagleg arena-møter, så tek vi med oss innspela vidare.
Vel møtt!