Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Digdir
  • Kunstig intelligens
Tid:
Torsdag 21. september kl. 09:15–14:30, 2023
Stad:
Økern Portal (Møterom Glittertind), Oslo

Digdir vil orientere om sin rettleiar for ansvarleg utvikling og bruk av kunstig intelligens. Frå Høgskolen i Østfold får vi høyre om Z-inspection labs, eit initiativ som fokuserar på å vurdere påliteligheten av KI-systemer. Ruter vil snakke litt om kva RuterGPT er. Digi Trøndelag vil gi eit innblikk i eit prosjekt der ChatGPT er teke i bruk for å samanstille berekraftsmål til kommunal rapportering. Norsk Regnesentral vil presentere eit verktøy dei har utvikla for å hjelpe med val av rett metode for å forklare kunstig intelligens. Etter lunsj vil det vere ein workshop for å diskutere problemstillingar ved bruk av KI i offentleg sektor.

Vi ynskjer å informere om neste Fagforum for kunstig intelligens i offentleg sektor som finn stad torsdag 21. september kl. 09.30 – 14.30. Arrangementet vil føregå fysisk hjå Digitaliseringsdirektoratet på Økern Portal, Lørenfaret 1C, 0580 Oslo. Spre gjerne ordet til kollegaer som kan ha interesse.

Det er begrensa med plass og vi ber om at dei som har meldt seg på, men ikkje kan komme melder seg av igjen. Informasjon om dette får de når de mottek stadfesting på påmelding. Dersom de ikkje finn dette, kan de kontakte: kunstigintelligens@digdir.no

Det er gratis deltaking, og vi byr på lunsj for dei som møter.

Vi startar fagforumet kl. 09.30, men dørene opnar 15 minutter før.

Agenda:

09.15-09.30 – Dørene opnar

09.30-09.45 – Velkommen

09.45-10.00 – Digitaliseringsdirektoratet – Alexandra Schultz:

Det er mykje usikkerheit i offentleg sektor om korleis KI-system kan og bør brukast. Mange ynskjer å implementere slike system for å effektivisere og forbetre tenester. For å adressere dette har Digitaliseringsdirektoratet laga ein rettleiar for ansvarleg utvikling og bruk av kunstig intelligens. Målet med rettleiaren er å minske usikkerheita og rettleie offentlege eninigar i å utnytte fordelane ved KI, samstundes som den hjelper med å identifisere og begrense risikoar. Denne presentasjonen vil gi ein innføring i rettleiaren som er utarbeidd av Digdir.

10.00-10.20 – Høgskolen i Østfold: Z-inspection lab:

Etableringa av eit laboratorium som ser nærare på Trustworthy Artificial Intelligence (AI) ved Høyskolen i Østfold syner ei tydeleg utvikling i institusjonen sin infrastruktur for forsking. Denne innovasjonen er ein del av ein global ekspansjon av spesialiserte laboratorium dedikert til temaet. Med etableringa vil Noreg bli formelt innlemma som ein sentral aktør i dette internasjonale forskingsnettverket som for tida omfattar 15 laboratorium globalt.

Metodisk vil laboratoriet ved Høyskolen i Østfold implementere Z-Inspection®, ein robust evalueringsprosess med ei tverrfagleg tilnærming. Prosessen involverar ei rekkje domenespesialistar som arbeidar i ein interdisiplinær kontekst. Tilnærminga sikrar ei omfattande vurdering av Trustworthy AI, som dekkar ulike disiplinar som inkluderar, men ikkje er avgrensa til, informatikk, etikk, geovitskap, juss og sosiale vitenskapar.

Føredragsholdar er Pedro Kringen frå Trustworthy AI Lab ved Høyskolen i Østfold.

10.20-10.30 – Pause

10.30-11.00 - Ruter GPT: Vi vil fortelje om kva RuterGPT er, kvifor Ruter treng denne løysinga, og kvifor det er så viktig for Noreg å ha ei skreddarsydd løysing som denne. Vi vil òg seie litt om vår tilnærming så langt og vegen vidare.

11-11.30 – Digi Trøndelag: Frykt, fascinasjon og det meste imellom: ChatGPT som endringsagent på arbeidsplassen

Sidan førre fagforum har DigiTrøndelag initiert og pilotert ei rekkje ChatGPT-opplæringsworkshopar for kommunalt tilsette i Trøndelag. Vi delar det viktigaste vi har lært så langt i dette arbeidet - inkludert reaksjonar, fallgruver, overraskingar og aha-augneblinkar.

11.30 – 12.00 – TBD

11.45 – 13.00 – Lunsj

13.00-13.30 – Norsk Regnesentral – Anders Løland

eXplego: Korleis velgje rett metode for å forklare kunstig intelligens?

På få år har særs mange ulike metodar for å forklare kunstig intelligens vorte utvikla. For å hjelpe til med å velgje rett forklaringsmetode, har forskingssenteret BigInsight – i eit samarbeid mellom NR (Norsk Regnesentral) og NAV – utvikla det interaktive verktøyet eXplego. Eg vil forklara tankegangen bak eXplego og gå litt inn på nokre av forklaringsmetodane som vi forskar på.

13.30-14.15 – Workshop

14.15-14.30 – Avslutning