Opna nasjonalt ressurssenter for deling av data
– Vi må dele meir data for å skape ein digital offentleg sektor der brukarane får samanhengande tenester på tvers av sektorar. Deling av data vil også bidra til meir verdiskaping i næringslivet. Med eit nasjonalt ressurssenter for deling av data på plass, er vi eit steg nærmare dette målet, seier distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland.