Nina Olsen Munthe (53) er tilsett som ny avdelingsdirektør for fellesløysingar i Digitaliseringsdirektoratet.
Olsen Munthe har vore fungerande avdelingsdirektør i stillinga sidan november 2022. Før det var ho seksjonssjef for marknad- og tenesteoppfølging i Digdir. Ho er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har også bakgrunn som avdelingsdirektør i Skatteetaten der ho leia etatens rettleiingsteneste frå 2007 til 2016.
– Digdirs avdeling for fellesløysingar består av fleire sterke fagmiljø som er leiande på sine område. Eg gler meg til å leie det spennande arbeidet med å auke utbreiinga og videreutvikle fellesløysingane for å forenkle, forbetre og effektivisere offentleg sektor, seier Nina Olsen Munthe.
Fellesløysingar for felles behov
Grunntanken bak fellesløysingane er å lage sikre, digitale løysingar som dekker felles behov i forvaltninga, slik at desse på enklast mogleg vis kan gjenbrukast breidt i tenestene som offentlege verksemder og kommunesektoren tilbyr til innbyggarar, næringsliv og øvrig samfunnsliv.
– Dette handlar om samarbeid, effektiv ressursbruk og digital samhandling i praksis som bidrar til å gjere kvardagen enklare for alle. Det er eit meningsfullt oppdrag som eg synes det er eit privilegium å få vere med på, seier Olsen Munthe.
Viktige oppgåver
Fleire av fellesløysingane frå Digdir er definert som samfunnskritiske. Direktør Frode Danielsen legg vekt på at samarbeid på tvers i det offentlege er viktig, og at tilsettinga av Nina Olsen Munthe bidrar til å svare på utfordringane som direktoratet står ovafor.
– Ho kjenner både Digdir og mange av verksemdene som vi samarbeider med godt, og har god innsikt i kva som må til for å lykkast. Det gjeld ikkje berre det omfattande moderniseringsarbeidet som direktoratet står midt oppi, men også korleis vi skal klare å ta nye steg for å levere gode fellesløysingar med stor samfunnsnytte – saman, seier Danielsen.
Nina Olsen Munthe tiltrer stillinga umiddelbart.