Hopp til hovudinnhald

Så langt har over 6000 ukrainske flyktningar i Noreg bestilt elektronisk ID (eID) for å få tilgang til offentlege tenester på nett. - Dette er eit viktig tiltak for god integrering og gjer ting enklare både for flyktningane og for forvaltninga, seier Stig Slaatto-Hornnes i Digdir.

30. januar 2023
Ukrainske flyktninger med mobiltelefon
Yuliia Zubkova (t.v.) og Svitlana Sakhno kom som flyktningar til Øystre Slidre før jul. Dei har teke i bruk Buypass i mobil som elektronisk ID for å få tilgang til offentlege tenester på nett.
Foto: Are Kvistad/Digdir

Dei fleste får bestilt og finn ut av dette sjølve. Nokon treng hjelp til å aktivere sin eID før den kan takast i bruk, men elles klarer dei det fint på eiga hand.

Digdir har inngått samarbeid med leverandøren Buypass som leverer løysinga i form av ein eID på smarttelefon. Den elektroniske ID-en er personleg og må bestillast av den enkelte.

– Ikkje vanskeleg

Generelt er ukrainarar godt vant med bruk av digitale offentlege tenester i heimlandet.

– Det er ikkje vanskeleg å bruke Buypass, seier ukrainske Yuliia Zubkova som for tida er busett i Heggenes i Øystre Slidre kommune. Ho har så langt teke i bruk Buypass ID i mobil for å kommunisere med Skatteetaten og Altinn, og ho tilrår andre flyktningar å gjere det same.

37000 til Noreg i fjor

I fjor kom over 37 000 flyktningar til Noreg frå Ukraina. Desse får som gruppe kollektiv beskyttelse her i landet. Ukrainarar som kan dokumentere sin identitet med pass eller andre godkjente ID-dokument, kan bestille og få utlevert ein eID gratis. Levering tek tre til fem dagar frå bestilling. Buypass ID i mobil gir full tilgang til alle offentlege tenester på nett, på lik linje med norske statsborgarar.

– Dette betyr at dei får enkel tilgang til tenester som for eksempel NAV, Lånekassa eller digital postkasse, seier Stig Slaatto-Hornnes som er produktområdeleiar for tillitstenester i Digdir. I samarbeid med Buypass lanserte Digdir tenesta 1. juli i fjor etter bestilling frå regjeringa.

Treng eID til mange ting

Ein av kommunane som har tatt imot fleire grupper flyktningar er Øystre Slidre i Valdres.

- Vi er ein liten kommune med 3000 innbyggarar, og i løpet av fjoråret tok vi imot seks-sju gonger fleire enn vi har gjort andre år, seier integreringskonsulent Tina Rosèn i Øystre Slidre kommune. Kommunen legg stor vekt på rask integrering, og ei av oppgåvene er å hjelpe ukrainarane til å skaffe seg ein norsk elektronisk ID.

- Det blir mykje enklare, for dei treng denne til mange ting, som tilgang til Helsenorge.no, Nav-søknader, Skatteetaten, endring av postadresse, søknader om barnehageplass, kommunikasjon med skular og andre offentlege tenester, seier Rosèn.

Intergreringskonsulent Tina Rosèn i Øystre Slidre kommune om erfaringane med den nye eID-en til ukrainske flyktningar. (Video: Digdir og UDI)

– Dei fleste får bestilt og finn ut av dette sjølve. Nokon treng hjelp til å aktivere sin eID før den kan takast i bruk, men elles klarer dei det fint på eiga hand.

Krev gyldige ID-dokument

Fleirtalet av dei ukrainske flyktningane er avhengig av tilrettelagt informasjon på ukrainsk eller russisk. Slik informasjon finn dei på Norge.no. Der finn dei også informasjon om korleis ein bestiller eID og kva for vilkår ein må oppfylle. Blant anna er det klare krav til kva identitetspapir som er godkjent som dokumentasjon. Norge.no er også ein vegvisar til dei offentlege tenestene på nett.

Yuliia Zubkova frå Ukraina har teke i bruk Buypass i mobil som elektronisk ID. Dermed får ho tilgang til offentlege tenester på nett også i Noreg. (Video: Digdir og UDI)

Kontakt

Stig Slaatto-Hornnes

Fagdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90541534

Are Kvistad

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 47807910