Hopp til hovudinnhald

Kva vurderingar må du gjere dersom du skal ta i bruk elektronisk identifikasjon (eID) på arbeidsplassen? Digdir har på oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementett laga ei rettleiing for bruk av eID i offentleg sektor. Rettleiaren er retta mot offentlege tilsette og arbeidsgjevarar, men kan også vere til nytte for privat næringsliv.

05. mars 2024
Illustrasjon av mann og dame med byggeklosser
Kva bør du tenke på før du tek i bruk eID på arbeidsplassen? Kva lovverk er gjeldande, korleis skal du ta hensyn til personvern? Vi gir deg sjekklista.
Illustrasjon: Digdir

Digitalt samarbeid krev at vi på ein trygg måte kan bevise kven vi er på nettet og at andre har tillit til eID-en vår. På same måte som arbeidstakarar av og til må bevise kven dei er på jobben ved hjelp av tradisjonelle identitetsbevis som til dømes nasjonalt ID-kort, kan det vere behov for å identifisere seg digitalt med ein eID.

På arbeidsplassen kan dette til dømes vere tilfelle når ein arbeidstakar treng å logge inn i Altinn etter å ha fått tildelt rettar, eller DFØ for å registrere timar.

For å klargjere dei ulike spørsmåla som kan dukke opp rundt innføring og bruk av eID på arbeidsplassen har Digdir utarbeidd denne rettleiaren. Målet med rettleiaren er å gi både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar tilgang til oversiktleg informasjon om bruk av eID.

Forholda rundt bruk av eID i arbeidsforhold skal opplevast som forståelege, og det er ønskeleg at alle har tilgang til retningsliner for dei konkrete vurderingane som må takast.

Rettleiaren er er utvikla i tråd med mål tre i handlingsplanen for nasjonal strategi for eID i offentleg sektor som vart lansert i februar. Rettleiaren vil bli vidareutvikla og utvida til nye bruksområde over tid. Det er òg mogleg å sende inn spørsmål knytt til rettleiaren, og aktuelle spørsmål kan bli publiserte på våre nettsider saman med svar.

Kontakt

Herman Alexander Ruud Walby

Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet