Hopp til hovudinnhald

Digital inkludering - felles kunnskapsgrunnlag om status og tiltak

På oppdrag frå Digitaliseringsdirektoratet og Skateverksemdene har Rambøll utarbeidd ei kartlegging av status og tiltak for digital inkludering. Formålet er å etablere eit kunnskapsgrunnlag som kan delast på tvers for å bidra til auka kompetanse om digitalisering for mangfald.

Illustrasjon av to menn med mobiltelefon som snakker sammen

Digital inkludering er eit tema som er høgt på agendaen i Skate (Styring og koordinering av tenester i e-forvaltninga). Skate er eit strategisk samarbeidsråd og rådgjevande organ til Digitaliseringsdirektoratet og digitaliseringsministeren. Skateverksemdene har bidrege til kartlegginga med oversikt over eigne tiltak, erfaringar, beste praksis og vurdering av kva som er dei største barrierane for digital inkludering.

Kartlegginga viser tiltak og eksempel på beste praksis for auka digital inkludering. Rapporten blir publisert om kort tid.

I kartlegginga er dei viktigaste brukarbarrierane og tiltakskategoriane lista opp:

  • Manglande universell utforming
  • Manglande klarspråk
  • Mangel på eID og moglegheiter for digital representasjon
  • Manglande tiltak til informasjon og rettleiing
  • Manglande brukartilpassing og samanheng
  • Mangel på analoge alternativ

Oversikten bygger på informasjon om tiltak, erfaringar og eksempel på beste praksis frå i alt 15 offentlege verksemder:

  • Brønnøysundregistera
  • Lånekassen
  • Utdanningsdirektoratet
  • Sikt
  • Politiet
  • Skatteetaten
  • Kartverket
  • Statistisk sentralbyrå
  • NAV
  • Kommunesektorens organisasjon (KS)
  • Direktoratet for E-helse
  • Helsedirektoratet
  • Halden kommune
  • Oslo kommune
  • Digdir