Hopp til hovudinnhald

Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn

Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn vart vedteken i juni 2023 og gjeld ut 2025. Planen er ei oppfølging av strategien Digital hele livet som vart vedteken i 2021. Tiltaka er på ulike samfunnsområde.

Forsidene av handlingslpan og strategi fra regjeringen
Både regjeringas handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn og strategien "Digital hele livet" er sentrale i det tverrgåande arbeidet.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Handlingsplanen skal bidra til ei digitalisering som i større grad ivaretek brukarane sine behov, gjennom å sette krav og støtte opp om ei inkluderande digitalisering.

Handlingsplanen inneheld tiltak på dei fem innsatsområda i strategien Digital hele livet.

  1. Den digitale grunnmuren
  2. Tilgjengeleg IKT-utstyr
  3. Grunnleggande digitale ferdigheiter
  4. Brukarvennlege digitale tenester
  5. Digital dømmekraft

Også tiltak for å ivareta personar som av ulike grunnar ikkje kan eller vil vere digitale, ligg i handlingsplanen.