Hopp til hovedinnhold

Mandat for Arkitektur- og standardiseringsrådet

Arkitektur- og standardiseringsrådet er eit rådgivande forum som skal bidra til at forvaltningsorgan (jf forvaltningslova §1) har naudsynt felles IT-arkitektur og IT-standardar, slik at det vert sikra god digital samhandling i og mellom forvaltningsorgan, offentleg sektor elles, privat sektor og innbyggarane.

Oppgåver

Rådet skal:

  • Anbefale prioriteringar om vidare arbeid på arkitektur- og standardiseringsområdet og gi innspel til behov for nye arkitekturprodukt og standardar
  • Gi råd om utpeiking av kompetansesenter, prosjekt og undergrupper for arbeid med arkitekturprodukt og standardar.
  • Vurdere og gi råd til Digdir om arkitekturprodukt og standardar
    • er klare for å sendast på høyring eller bør arbeidast meir med
    • bør gjerast obligatoriske, anbefalte eller til inspirasjon for offentlege verksemder,
    • bør fasast ut
    • bør gå fram av referansekatalogen, forskrift eller anna eigna stad
  • Halde seg orientert om viktige utviklingstrekk ved relevante arkitekturprodukt og IT-standardar nasjonalt og internasjonalt
  • Bidra med forslag til korleis arkitekturprodukt og IT-standardar skal verte kjende og tekne i bruk

Myndigheit

Arkitektur- og standardiseringsrådet har inga formell avgjerdsmyndigheit, men gir anbefalingar til Digitaliseringsdirektoratet.

Rådet skal primært vera proaktivt og utarbeide anbefalingar til Digdir om IT-standardar. Rådet skal foreslå for Digitaliseringsdirektoratet kva utgreiingar som bør gjennomførast. Rådet skal også gi anbefalingar på direkte bestilling frå Digitaliseringsdirektoratet.

Myndigheita til å avgjere at einskilde standardar skal få ein viss status (godkjend, anbefalt, ikkje anbefalt, osv.) ligg i Digitaliseringsdirektoratet. Digitaliseringsdirektoratet speler vidare opp ferdig høyrde forslag til DFD, som styrar prosessane med å vedta nye versjonar av forskrift om IT-standardar.

Arbeidsmåte

Rådet møtest normalt seks gonger per år. Rådet kan ved behov setje ned undergrupper som utarbeider underlag for rådet. Digdir har sekretariatsfunksjonen for rådet. Sekretariatet har det administrative ansvaret og skal koordinere aktivitetar.

Ressursar og finansiering

Deltakande verksemder og organisasjonar dekker sjølv eigne utgifter.