Hopp til hovedinnhold

Digitaliseringsdirektoratet inviterer deg til å føreslå kandidatar til Digitaliseringsprisen for 2024. Kjenner du til eit spennande prosjekt, ei flott digital teneste, ei innovativ løysing eller samanhengande teneste som verkeleg betyr noko i samfunnet?

Send oss forslag til kandidatar som bidreg til å realisere regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi. Vinnaren vert kåra på Digitaliseringskonferansen 18. juni.

Fjorårets vinner DigiUng ber deg nominere kandidater til Digitaliseringsprisen.

Gjennom Digitaliseringsprisen ønskjer vi å løfte fram dei beste tenestene eller prosjekta som har utmerka seg og som viser veg. Vi håpar på å få inn mange forslag også i år, slik at juryen får litt å bryne seg på.

Dette må tenesta eller prosjektet gjere

Kriteria som vert lagt til grunn er at tenesta eller prosjektet:

  • Bidrar til å realisere regjeringas digitaliseringsstrategi
  • Ei samarbeidsløysing der ei eller fleire offentlege verksemder er tenesteeigar(ar), og utviklinga må gjerne vere resultat av samspel mellom offentlege og private aktørar
  • Kan vise til nyskaping, innovasjon, verdiskaping og berekraft
  • Brukarorientert og bidrar til ein enklare digital kvardag
  • Deler og bruker data på ein god måte 
  • God bruk av nasjonale fellesløysingar
  • Kan vise til klare gevinstar og/eller eit høgt gevinstpotensial

Ein jury leia av Digitaliseringsdirektoratet vil velje ut tre finalekandidatar. Desse blir presentert på konferansen, og sjølve kåringa av årets digitale suksesshistorie vert gjort av deltakarane på konferansen ved ei digital avstemming.

Dette er juryen

Vi er så heldige å ha med oss ein jury med brei kunnskap og lang erfaring i digitalisering og digital transformasjon frå både offentleg og privat sektor.

  • Liv Dingsør, dagleg leiar, DigitalNorway
  • Ingvild Berlin Kalleberg, styreleiar, Den norske dataforening
  • Øystein Eriksen Søreide, administrerande direktør, Abelia
  • Øyvind Husby, administrerande direktør, IKT-Norge
  • Kristin Weidemann Wieland, direktør for forskning, innovasjon og digitalisering, Kommunesektorens organisasjon (KS)
  • Olav Skarsbø, seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

Kontakt

Olav Skarsbø

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90993462