Hopp til hovudinnhald

Kva er status for digitaliseringsarbeidet i Noreg? På Digitaliseringskonferansen går vi gjennom rikets digitale tilstand gjennom tal, fakta og trender.

På Digitaliseringskonferansen går vi gjennom "Riketes digitale tilstand". Vi vurderer vi status på måla i regjeringa og KS sin felles digitaliseringsstrategi, korleis Noreg ligg an med digitalisering av offentleg sektor sammenlikna med andre land, og vi ser nærmare på tema som er viktig i arbeidet med å digitalisere offentleg sektor.

Etter at Digdir-direktør Frode Danielsen har heldt sin digitaliseringstale, får vi med oss sentrale representantar både forvaltninga og privat sektor på scenen for å diskutere vidare:

Departementsråd Petter Skarheim i Kommunal- og distriktsdepartementet, riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Kristin Weidemann Wieland som er direktør for forskning, innovasjon og digitalisering i KS, dagleg lediar Liv Dingsør i Digital Norway, og viseadm. direktør Anniken Hauglie i NHO.

Alt no kan du lese Digdirs rapportering om rikets digitale tilstand her på nettsidene våre. Der ser du også at Digdir har fokus på tre område i tida framover:

  • Digitalt utanforskap
  • Kunstig intelligens
  • Samanhengande tenester

Kontakt

Jens Nørve

Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90849332