Digitaliseringsrådet presenterer erfaringsrapporten sin for 2024. Opptak frå arrangementet vil bli teksta.
Opptak frå lanseringa av rapporten på erfaringsseminaret 6. november 2024:
- Velkommen og presentasjon av årets erfaringsrapport "Finne sin veg mot nye tider" ved rådsleder Joakim Lystad
- "Digital medspiller i en kompleks sektor" ved Knut Sletta, direktør Jernbanedirektoratet
- "Digital modenhet i et komplekst landskap" ved Margot Telnes, direktør Statsforvaltarens fellestenester
- Samtale med rådsleder Joakim Lystad og Kjetil Lund, direktør NVE
- Ordskyer "Kva ferdigheit er viktigast for ein toppleiar/medarbeidarane for at organisasjonen skal lykkast med digital transformasjon?»
- Refleksjonar ved Christine Hamnene, departementsråd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Finne sin veg mot nye tider
Erfaringsrapporten 2024: Finne sin veg mot nye tider
Joakim Lystad
Program klokka . Erfaringsrapporten 2024: Finne sin veg mot nye tider med Joakim Lystad
Tempoet og forventningane til bruk av ny teknologi og KI er skrudd opp. I erfaringsrapporten i år ser vi på korleis verksemdene og leiarane finn sin veg for å bli digitalt modne og tenker nytt om samskaping.
Rådsleiar Joakim Lystad presenterer rapporten.
Medvirkende

Joakim Lystad er leiar av Digitaliseringsrådet. Han har 30 års leiarerfaring. 12 av desse åra som toppleiar i Mattilsynet og Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Han er utdanna naturforvaltningskandidat frå nåverande NMBU. På slutten av 80-talet var han med å bygge opp eit norsk dotterselskap av eit amerikansk programvarefirma. Både i Mattilsynet og NAV leia han omfattande digitaliseringsprosjekt og erfarte kva gevinstar og utfordringar dette kan gje for verksemdene. Lystad er oppteken av at verksemdene må meistre dei organisatoriske og personalmessige endringane som ofte er ei forutsetning for vellykka digitalisering.
Spisskompetanse: Leiing, styring, endring, strategi og samarbeid.
Digital medspelar i ein kompleks sektor
Knut Sletta
Program klokka . Digital medspelar i ein kompleks sektor med Knut Sletta
Jernbanedirektoratet står foran eit løft for intern digitalisering, og rustar seg til å ta ei tydeligere rolle som medspelar for innovasjon og digitalisering i jernbane- og kollektivsektoren.
Medvirkende

Knut Sletta har vore direktør i Jernbanedirektoratet sidan 2021. Han er utdanna samfunnsøkonom. Han har tidlegare arbeidd i Kunnskapsdepartementet der han blant anna var avdelingsdirektør. I 2008 blei han kundedirektør i Senter for statleg økonomistyring (no DFØ). Sletta har også erfaring som fylkesdirektør, assisterande fylkesrådman og fylkesrådmann i Akershus fylkeskommune.
Digital modnad i eit komplekst landskap – eksempel frå eit Stimulab prosjekt
Margot Telnes
Program klokka . Digital modnad i eit komplekst landskap – eksempel frå eit Stimulab prosjekt med Margot Telnes
Direktør Margot Telnes i Statsforvaltarens fellestenester (STAF) fortel om korleis dei jobber med digital modnad i eit komplekst landskap. Kva krev det av STAF og av omgjevnadene? STAF var i Digitaliseringsrådet med Stimulab-prosjekt om klagebehandling av økonomisk sosialhjelp. Eit av råda de fekk var å avklare kven som skal gjere kva i innbyggjaranes digitale brukerreise. Brukerreisa går på tvers av forvaltningsnivåa i det offentlege.
Medvirkende

Margot Telnes er direktør i Statsforvalterens fellestjenester (STAF). Margot Telnes har hovedfag i pedagogikk, med fordjupning i organisasjon og leiing. Ho har solid leiarerfaring frå offentleg sektor, blant anna som regiondirektør i Husbanken.
Kva for ei rolle bør toppleiarar ta i den digitale transformasjonsreisa?
Kjetil Lund, Joakim Lystad
Program klokka . Kva for ei rolle bør toppleiarar ta i den digitale transformasjonsreisa? med Kjetil Lund, Joakim Lystad
Digital transformasjon og digital modnad er omgrep toppleiarar må setje seg inn i for å finne sin veg. I denne samtalen utforskar rådsleiar Joakim Lystad og direktør Kjetil Lund i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) toppleiaren sin rolle i transformasjonsreisa. Korleis kan heile organisasjonen spele saman?
Medvirkende

Kjetil Lund er direktør i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Lund var frå 2013 til 2019 statssekretær i Finansdepartementet for Arbeiderpartiet. Frå 2017 var han byråd for næring og eigarskap i Oslo. Lund har og jobba med strategisk finansiering og vore direktør for styresmaktkontakt og klimapolitikk i Statkraft. Han er utdanna samfunnsøkonom.

Joakim Lystad er leiar av Digitaliseringsrådet. Han har 30 års leiarerfaring. 12 av desse åra som toppleiar i Mattilsynet og Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Han er utdanna naturforvaltningskandidat frå nåverande NMBU. På slutten av 80-talet var han med å bygge opp eit norsk dotterselskap av eit amerikansk programvarefirma. Både i Mattilsynet og NAV leia han omfattande digitaliseringsprosjekt og erfarte kva gevinstar og utfordringar dette kan gje for verksemdene. Lystad er oppteken av at verksemdene må meistre dei organisatoriske og personalmessige endringane som ofte er ei forutsetning for vellykka digitalisering.
Spisskompetanse: Leiing, styring, endring, strategi og samarbeid.
Refleksjonar frå departmentet
Christine Hamnen
Program klokka . Refleksjonar frå departmentet med Christine Hamnen
Christine Hamnen snakkar om kva tankar departmentet har om rapporten.
Medvirkende

Christine Hamnen er departementsråd i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD). Hamnen er utdanna jurist og har tidlegare vore ekspedisjonssjef i Kommunal- og distriktsdepartmentet og Kulturdepartmentet.
Digitaliseringsrådet er eit uavhengig råd som gir tilrådingar til offentlege toppleiarar om digitaliseringsprosjekt og andre endringsprosessar der digitalisering er ein viktig del. Kvart år gir rådet ut ein erfaringsrapport. Dette er den niande rapporten rådet leverer.
I år vart rådet re-oppnevnt for fire nye år og fekk mellom anna ny rådsleiar og fire nye rådsmedlemmer.