Jobbar de med rådgjeving, utvikling eller drift av digitale tenester for offentlege kundar? Då er de truleg i kontakt med integrasjonar eller API-ar mot offentlege fellesløysingar. Digdir inviterer til Drop‑in leverandørmøte – ein uformell og lågterskel dialogarena der leverandørar og Digdir sine fagmiljø møtest for å dele erfaringar, stille spørsmål og løfte aktuelle problemstillingar i fellesskap. Møta gir rom for open samtale og er meint som eit supplement til informasjon på samarbeid.digdir.no og andre kanalar. Målet er å byggje felles forståing, styrkje samhandlinga og dra i same retning i vidareutvikling og bruk av fellesløysingane.
Spesifik agenda for 11. juni oppdaterast 28. mai
- Generell agenda:
Aktuelle saker og status frå Digdir sine produktteam og servicedeskar basert på innsende saker frå leverandørane, samt eventuelt.
Om dialogarenaen
- Om lag eitt møte per månad, etter behov
- Korte statusoppdateringar frå produktteam eller servicedeskar
- Innsikt i planar og endringar
- Høve til å dele erfaringar og spele inn behov
Praktisk informasjon
- Tid: tysdagar eller torsdagar kl. 13.00–13.55
Målgruppe
Leverandørar og partnarar som utviklar, driftar eller vidareutviklar integrasjonar og API-ar, eller gir råd om dettetil offentlege kundar. Særleg relevant for tekniske og funksjonelle ressursar. Sjå spesifik agenda per møte for vurdering av relevans.
Ope møte. Du kan i tillegg be om kalenderinvitasjon.
Send e-post til audinger.sviggum@digdir.no for invitasjon.