Velkommen til Drop-in leverandørmøte, eit tiltak for å styrkje leverandørdialogen og samarbeidet. Møtet skal leggje til rette for open dialog, erfaringsdeling og innspel. Saman kan vi bidra til betre offentlege tenester og trygg, effektiv digitalisering. Del erfaringar og barrierar for utvikling, integrasjon og samhandling på tvers av offentleg sektor. Her møter de fagmiljø frå Digdir, får innsikt i aktuelle endringar og planar, og høve til å påverke og bidra.
Agenda 19. november
- Generelle oppdateringer
- eInnsyn - publiserte dokument bør kunne lesast av alle. Ved Jan Beniamin Kwiek og Tom Debu Nesvåg, Tilsynet for universell utforming.
- Digdir Labs – lågare terskel for utvikling og test av samanhengande tenester.
Kva vil vi oppnå? Status for piloten. Slik kan du delta.
Ved Mette Mannsåker, Digdir. - Ny finansierings- og prismodell for fellesløsningene. Endringer i hvordan offentlig sektor skal betale for sin bruk. De største endringene er for Altinn-produktene, ved Lars Vegard Bachmann, Digdir.
- Innmelde saker frå leverandørane
- Eventuelt
Praktisk informasjon
- Tidspunkt: Tysdagar eller torsdagar kl. 13.00–13.55, om lag éin gong i månaden, etter behov.
- Målgruppe: Leverandørar, partnarar og andre aktørar som ønskjer å bidra til betre og meir effektive offentlege tenester.
- Møteform: Uformell arena. Opptak blir ikkje delt i etterkant.
- Kalenderinvitasjon kan bestillast. Kontakt: ais@digdir.no
- Arenaen er eit supplement til samarbeid.digdir.no og andre etablerte informasjonskanalar.