Hopp til hovedinnhold
Emner:
  • Fellesløsninger
  • Datadeling
  • Digital samhandling
Tid:
onsdag 14. oktober kl. 09:00 – 10:00, 2026
Sted:
Digitalt

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg vi opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet, onsdag 14. oktober, har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Korleis få informasjonsmodellar til å fungere i praksis?»

Prosjektet Felles løft: Samanhengande tenester for barn og unge (SAMT-BU) utforskar korleis ein kan realisere samanhengande tenester på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Ein viktig del av leveransane i prosjektet er felles informasjonsmodellar og eit rammeverk for informasjonsmodellar. Dette skal bidra til felles forståing, enklare integrasjonar og gjere det lettare å dele data mellom system.

Men korleis lagar vi modellar som faktisk blir tekne i bruk av andre? Korleis kan vi gjere det enklare å forhalde seg til standardar og etablerte modellar? Audun Vindenes Egge har arbeidd med eit verktøy basert på LinkML som kan bidra til dette.

I innlegget vil Kjersti Steien fortelje om prosjektet SAMT-BU og arbeidet knytt til leveransen av informasjonsmodell. Ikkje minst får de ein smakebit på det prosjektet arbeider med akkurat no. Audun Vindenes Egge vil gi ein demonstrasjon av verktøyet han har arbeida med og forklare korleis det kan gjere det enklare å byggje bru mellom ulike fagmiljø som treng felles forståing og felles modellar.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare:

14.10.2026 Faglig arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09