Brukarrådet 2026 Felles løysingar for felles gevinstar
Få innsikt i korleis fellesløysingane bidrar til moderne, sikre, brukarvennlege og samanhengande offentlege tenester for innbyggarar, forvaltning og verksemder. Still spørsmål og gi innspel til dei som utviklar og brukar løysingane.
Samarbeid for felles bruk og gevinstar
Dei nasjonale fellesløysingane løyser felles behov i forvaltninga. Dei blir utvikla éin gong, blir forvalta sentralt, kan gjenbrukast av mange og forenklar tilgangen til offentlege tenester. På Brukarrådet 2026 får du innsikt i aktuelle fellesløysingar og korleis Digdir utviklar desse for å møte nye behov. Vi set søkelys på brukarane og dei mest sentrale satsingane våre. Korleis kan vi saman byggje enklare, tryggare og meir samanhengande digitale tenester?