For andre år på rad inviterer Digdir til frukostseminar om finansieringsmoglegheiter. Her kan de høyre om korleis Stimulab, medfinansieringsordninga, IT-tilskot og Digital Europa kan hjelpe di verksemd til å gjennomføre digitaliseringstiltak. Seminaret er ope for alle, men er nok mest interessant for deg som jobbar i eller med offentleg sektor.
I seminaret vil du få kjappe introduksjonar frå kvar ordning, og kanskje eit døme frå ei verksemd som har erfaring med ei eller fleire av ordningane. Det vil også bli tid til å prate med representantar frå ordningane direkte, både ansikt til ansikt og digitalt.
Vi har berre plass til 30 personar fysisk, meld deg på tidleg for å sikre deg ein plass! Viss det blir fullt set vi deg på venteliste og du kan følgje arrangementet digitalt. Og sjølvsagt vil de som kjem til Økern få servert ein enkel frukost frå kl. 08.30. Velkomen!
Her kjem litt kort informasjon om dei ulike ordningane:
Stimulab
Gjennom Stimulab skal Digitaliseringsdirektoratet og DOGA stimulere til offentleg innovasjon frå eit brukarperspektiv. Vi støttar statlege og kommunale verksemder som vågar å tenkje nytt om roller og system, og som er villige til å endre desse for å levere betre tenester til brukarane.
Tilskot til auka digital deltaking og kompetanse i befolkninga
Formålet med tilskotet er å leggja til rette for etablering av eit lågterskel rettleiingstilbod der innbyggjarar med liten, eller ingen digital kompetanse, kan få hjelp og rettleiing for å ta i bruk digitale verktøy og digitale tenester.
Medfinansieringsordninga
I medfinansieringsordninga kan statlege verksemder og eventuelle samarbeidspartar få inntil halvparten av prosjektkostnaden til samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak. Både små og mellomstore tiltak i sektorane og tiltak på tvers av sektorar som støttar opp under regjeringa sin digitaliseringsstrategi, kan få medfinansiering. Det er berre statlege verksemder som kan søkje om medfinansiering, men kommunar og andre kan samarbeide om prosjekta. I år er ordninga styrka og det er 180 millionar i potten!
Digital Europa
DIGITAL Europa-programmet (2021–2027) er EUs investerings- og kapasitetsbyggingsprogram for digital omstilling og bruk av innovative digitale teknologiar i samfunn og næringsliv. Gjennom EØS-avtalen deltek Noreg som programland i DIGITAL på lik linje med medlemslanda i EU.