Dilemmatrening innen informasjonssikkerheit
Dilemmatrening er eit verktøy for kompetanse- og kulturutvikling. For å hjelpe verksemder med å auke kompetansen og utvikle kulturen innan informasjonssikkerheit, har vi utvikla ei dilemmatrening.
Kompetanse- og kulturutvikling er ei viktig brikke i det systematiske arbeidet med informasjonssikkerheit. Dei tilsette i verksemda må ha naudsynt kompetanse, vere bevisste på kvifor informasjonssikkerheit er viktig og ha ferdigheiter til å kunne utføre arbeidet sitt i tråd med denne kompetansen.
Ved å jobbe kontinuerleg med slik kompetanseutvikling, støttar ein opp om ein god sikkerheitskultur i verksemda.
Kva kan dilemmatreninga hjelpe med?
Dilemmatreninga er eit fleksibelt opplæringsverktøy som bidreg til å skape refleksjon blant leiarar og dei tilsette om:
- kva informasjonssikkerheit er
- kvifor krav til informasjonssikkerheit gjeld for dei
- kva informasjonssikkerheit inneber for deira arbeidsoppgåver
- ulike syn på informasjonssikkerheit
Målet med dilemmatreninga er å gjere verksemda betre rusta til å møte og handtere informasjonssikkerheitstruslar.
Kva består dilemmatreninga av?
Dilemmatreningsverktøyet består av ein duk, dilemma, perspektivkort og hjelp til korleis ein kan ta dette i bruk. Dette kan lastast ned og skrivast ut for fri bruk. Dilemmaa kan tilpassast eiga verksemd, de kan også skrive eigne dilemma.