Brukarundersøkingar viser at krav og anbefalingar innan digitalisering i offentleg forvaltning er lite kjent. Det er eit ønske blant brukarane at det skal bli enklare å få oversikt, og lettare å forstå korleis ein etterlever krava i praksis.
Digdir har den seinare tida gjennomført brukarundersøkingar for å kartlegge kjennskap til forskjellige krav og anbefalingar innan digitalisering i offentleg forvaltning. Vi har mellom anna gjennomført ei spørjeundersøking retta mot tilsette i offentlege verksemder som jobbar med digitalisering, der vi mottok over 300 svar. Vi har òg intervjua brukarar frå 13 verksemder i kommunal og statleg sektor.
Datainnsamlinga er ein del av arbeidet med ei meir brukerretta framstilling av krav og anbefalingar og evaluering av forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning.
No legg vi ut ein rapport frå denne datainnsamlinga. Hovudfunna kan oppsummerast slik:
- Det er for vanskeleg å få oversikt over det totale omfanget av krav og anbefalingar innan digitalisering i offentleg forvaltning.
- Det er behov for å gjere kjeldene til krav og anbefalingar, slik som digitaliseringsrundskrivet og forskrift om IT-standardar i offentleg forvaltning, betre kjent i offentleg forvaltning og auke nytten for brukarane.
- Informantane er jamt over positive til at det blir stilt krav innan digitalisering, og ønskjer tettare oppfølging av om krava blir etterlevd.