Hopp til hovedinnhold

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har over år jobba jamnt og trutt med digital transformasjon for å gjere kvardagen enklare for kommunar, innbyggarar og bygg- og anleggsbransjen. Gjennom to nye prosjekt anslår DiBK at dei vil få ein samla samfunnsøkonomisk gevinst på 1,2 milliardar kroner.

08. desember 2023

Åtte digitaliseringsprosjekt har fått tildelt midlar gjennom medfinansieringsordninga. Ei av verksemdene som fekk endeleg tilsegn er Direktoratet for Byggkvalitet.

DiBK fekk midlar til to prosjekt, Geolett 2.0 og Drømmeplan, på høvesvis 20 og 10 millionar kroner. Samla samfunnsøkonomisk gevinst er berekna til nærare 1,2 milliardar kroner. Sidan DiBK bidreg med halve finansieringa sjølve, betyr dette at AS Noreg får att rundt 20 gonger investeringa si.

– Vi er eit lite direktorat utan dei store finansielle musklane. Arbeidsmetodikken vår gjer at vi likevel får gjennomført mykje, men det er klart at med dei ekstra midlane får vi sett tenester som mange vil ha glede av, ut i livet. I tillegg er slik støtte ei verdsetjing som gjev ekstra sjølvtillit i arbeidet,

Meir deling av data

Frå 2017 til 2020 gjennomførte DiBK Geolett 1.0. Til dette fekk dei òg medfinansiering. Då var målet å legge til rette for mest mogleg automatisering i plan- og byggesaksprosessane. Geolett 2.0 bygger på dette arbeidet. No er målet at stat og kommune saman skal tilby samanhengande tenester ved at offentlege etatar deler temadata, og at kommunane raskt kan finne og bruke det dei treng i ei plan- og byggesak.

Dette er temadata

Informasjon om ulike fagområde, som naturressursar, befolkning, miljøtilstand og kulturminne. Mange ulike offentlege og private verksemder brukar temadata i t.d prosjektering, sakshandsaming og utgreiingar.

I ei byggesak kan det kome innvendingar frå så mange som 15 statlege etatar. Det same gjeld for plansaker. Ved å auke kvaliteten på datasett, samle dei og å gjere dei lettare tilgjengelege, set DiBK alle som har bruk for det, betre i stand til å førebu ei sak, og slik spare masse tid for alle involverte partar i saka. Og ikkje berre tid, DiBK har også satt seg føre at Geolett 2.0 skal sikre betre ivaretaking av biologisk mangfald, mindre skadar ved flaum, skred og andre naturfarar og auka kvalitet i planlegging, prosjektering og sakshandsaming.

Godt samarbeid på tvers

I ei byggesak er det mange interessentar. For at eit prosjekt som Geolett 2.0 skal lukkast, må innbyggjarar, myndigheiter, representantar frå bygg- og anleggsnæringa, leverandørar og prosjekteigaren få i stand eit godt samarbeid tidleg i prosessen.

DiBK har vore medviten om nettopp kven dei må samarbeide med i utviklinga og implementeringa av Geolett 2.0. Det er kommunane som skal godkjenne søknadar, men fyrst etter eventuelle innspel frå ei rekke fagorgan i offentleg sektor.

– Vi jobbar for at regelverket for bygg og anlegg er utforma på ein forståeleg og brukarvennleg måte. Men det er berre ein del av jobben. Vi skal òg bidra til at å oppfylle dei måla staten har for digitalisering og samanhengande tenester. Prosjektet vert gjennomført i tett samarbeid med KS og Statens kartverk. Vi nyttar dessutan fellestenester i staten som er knytt til Altinn-plattforma og leverandørar i den private marknaden. På søkarsida finn vi også fleire aktørar, difor er brukarorienteringa viktig,

Gevinstar på mange felt

Alt dette styrker trua på at DiBK skal nå måla sine om at tenestene deira blir langt enklare for innbyggjarane, næringa og alle dei offentlege verksemdene som er involverte. Ei betre teneste betyr mindre tid å vente for ho som ynskjer å kome i gang med ei ombygging. Handverkarar, arkitektar og andre i byggenæringa får betre høve til å planlegge presist og effektivt. Og for kommunane vil det bety færre kostbare opphald og reduksjon i unødig tid for å sette saman og tolke data som ikkje snakkar saman.

- Det er dette gode samanhengande tenester handlar om, og det er slik vi kan bruke offentlege ressursar smartare for å møte ei framtid med lågare inntekter og auka utgifter,

Dette er medfinansieringsordninga

Medfinansieringsordninga legg til rette for effektiviseringsarbeidet i statlege verksemder og kommunane, og for nye digitale tenester og ein enklare kvardag for innbyggjarar, og næringsliv og frivillig sektor. Målet er auka gjennomføring av samfunnsøkonomisk lønnsame digitaliseringstiltak og realisering av gevinstar. Ordninga skal nå breitt ut, og bidra til å realisera målet om effektiv utnytting av offentlege ressursar og måla i digitaliseringsstrategien til regjeringa.

Neste runde med utdeling av midlar blir i byrjinga av 2024. Søknadsfristen er 5. februar 2024. Vi deler då ut 140,6 millionar kroner. Sjå nettsidene våre for meir informasjon og søknadsmalar. Den 16. januar arrangerer vi eit frukostseminar om finansieringsmogelegheiter frå Digdir. Her får du høyre meir om medfinansieringsordninga.

Seminar om finansieringsmoglegheiter 16. januar 2024

Kontakt

Nour Eddine Elkadi

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 98 66 66 61

Elin Oksavik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90224846

Håkon Henjum

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 99 01 46 84