Jobbe i Digitaliseringsdirektoratet
Vi i Digdir jobbar for å digitalisere og modernisere det offentlege Noreg, slik at innbyggarar, arbeidsliv og organisasjonsliv får ein enklare kvardag. Vi ser etter fleire folk som alltid set brukaren først, og som samtidig vågar å tenke utradisjonelt om strukturar og teknologi.
Blir du med på å få fart på digitaliseringa? Ønsker du å jobbe tett med interaksjonen mellom menneske og teknologi? Då vil vi gjerne komme i kontakt med deg! Hos oss finn du ein av dei mest spennande arbeidsplassane i landet og dedikerte kompetansemiljø som set pris på å jobbe på tvers.
Med kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo vil du få nye kollegaer og venner i det langstrekte landet vårt. Hos Digdir får du over 300 engasjerte kollegaer og sparringspartnarar. Vi utfordrar deg fagleg for best mogleg utvikling, og hos oss vil du løyse aktuelle problemstillingar med dyktige fagfolk. Ta kontakt om du er nysgjerrig – vi er nysgjerrige på deg!
Møt Digitaliseringsdirektoratet
Ledige stillingar
For studentar
Vil du vere med og digitalisere Noreg?
Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Våre målgrupper er staten og kommunane, næringsdrivande, frivillig sektor og innbyggarar.
Digitaliseringsdirektoratet har om lag 360 tilsette fordelt på våre kontor i Oslo, Leikanger og Brønnøysund.
Som tilsett hos oss får du:
- jobbe med eit av dei mest spennande samfunnsoppdraga i offentleg sektor
-
arbeide med engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar i eit inkluderande fagmiljø som deler kunnskap
-
varierte oppgåver, ansvar og gode moglegheiter for fagleg utvikling
-
konkurransedyktige lønsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
Løna di + pensjonsordninga = totalløna di
Det er stor forskjell på ulike pensjonsordningar. Som tilsett i Digitaliseringsdirektoratet vert du medlem i Statens pensjonskasse, som er ei av de beste pensjons- og forsikringsordningane i Noreg. Du betaler to prosent av løna som pensjonsinnskot, medan Digitaliseringsdirektoratet vil betale ca. 12 prosent for deg. Det betyr at for kvar krone du sparer sjølv i pensjon, sparer Digitaliseringsdirektoratet ca. seks kroner for deg.
Pensjon er ikkje berre viktig når du slutter å jobbe. Statens pensjonskasse gir deg også forsikringsordningar som gjer deg og familien din tryggare om noko uventa skjer.
Som medlem i Statens pensjonskasse
- gir uførepensjonen deg og familien din større økonomisk tryggleik om du vert sjuk
- kan ektefelle eller partnar ha rett til ektefellepensjon om du døyr, og om du har barn under 20 år kan dei ha rett til barnepensjon
- kan du tene opp pensjon medan du har permisjon
- kan du få bustadlån til gunstig rente
- får du gruppelivsforsikring og yrkesskadeforsikring