Hopp til hovudinnhald

– Samarbeid på tvers er nøkkelen for å lykkast med digitalisering av forvaltninga. Erfaringane dei siste åra har vist at kompetente tilsette i offentleg sektor kan og vil samarbeide, slik som med livshendingane. Vi leverer raskt og godt når felles mål og rammevilkår er på plass, seier Frode Danielsen, direktør i Digdir.

15. september 2023

Eit utval av hendingar i livet er valt ut som prioriterte oppgåver for offentleg sektor. Målet er å gjere det enklare å bruke offentlege tenester. Fleire nye løysingar er i ferd med å verte realisert. Offentlege verksemder samarbeider på nye måtar for å få dette til.

I regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi er sju livshendingar prioritert. Departementa fylgjer desse opp spesielt. Dette utelukkar ikkje at andre offentlege verksemder kan bruke livshendingar som utgangspunkt i si tenesteutvikling.

Enklare kvardag for barn med samansette behov

Helsedirektoratet utviklar ein informasjonsassistent som skal samanstille informasjon frå ulike kjelder. Dei utforskar også om det er mogeleg å bruke kunstig intelligens (KI) i dette arbeidet. Informasjonsassistenten skal gjere det enklare for barn med samansette behov, deira pårørande og kommunal sektor å finne fram til relevant og oppdatert informasjon i det offentlege. Prosjektet «Enklare tilgang til informasjon» har fått midlar frå Medfinansieringsordninga, og utforskar KI i samarbeid med StartOff.

Enklare informasjon til arbeidssøkjarar og arbeidsgivarar

NAV sitt hovedmål er å få fleire i arbeid. Dei samarbeider med brukarar og samarbeidspartnarar når dei skal realisere tiltaka sine. No utvikler dei nye vedtaksløysingar for dagpengar. Søknadsdialog og dialog med arbeidsgivarar skal vere enkel og digital. Ny søknadsdialog for dagpengar vart lansert i 2022.

Betre oversikt for etterlatne og arvingar

Skatteetaten har laga nye informasjonssider til etterlatte og arvingar: Dødsfall - Skatteetaten. Digitaliseringsdirektoratet utviklar eit digitalt dødsbo . Dette skal gje arvingar ei samla oversikt over den avdøde sin formue og gjeld. Opplysningane skal samlast inn automatisk. Løysinga vert pilotert første halvdel av 2024. Etterlatne skal også kunne ta val digitalt om gjennomføringa av ein gravferd, i staden for eit papirskjema. Tiltaket digital gravferdsmelding har Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark ansvaret for. Planen er å lansere ei løysing første halvdel av 2024. Dette prosjektet er finansiert med midlar frå Medfinansieringsordninga.

Nye informasjonssider for flyktningar frå Ukraina

Informasjon til flyktningar frå Ukraina er publisert på nettstaden www.nyinorge.no. På denne nettstaden skal flyktningar få ei samla oversikt over informasjon frå offentlege myndigheiter. Dette skal hjelpe dei i deira nye kvardag i Noreg. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) drifter nettstaden.

Lettare å finne fram til tilskotsmidlar for frivillige organisasjonar

Frivillige opplever at det er utfordrande å finne fram til tilskot som dei kan søke på. Nettstaden www.tilskudd.no gjer det enklare å finne fram til eigna tilskot. Nettstaden har også oversikt over kven som har fått midlar frå dei ulike ordningane. Dette gjer forvaltninga meir transparent. Nettstaden har 6000 treff i månaden, og er utvikla i eit samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).

Start di eiga verksemd på 24 timar

Brønnøysundregisteret har lansert løysinga digital selskapsetablering. Fleire banker er snart i mål med sluttbrukarløysingar. Målet er å redusere tida det tar å registrere ei verksemd. Registrering av vedtekter, stiftingsdokument og registrering i Einingsregisteret kan utførast som ei samanhengande teneste. Prosjektet fikk støtte frå Medfinansieringsordninga.


Du kan lese meir om arbeidet i dei enkelte livshendingane her:

Samarbeid på tvers

Utvikling av digitale løysingar bør oftast gjerast i samarbeid for å sikre best mogleg bruk av fellesskapets midlar. Ansvarlege verksemder for livshendingane har organisert arbeidet på ulike måtar. Eit par av livshendingane knyter alt dei gjer opp mot deira verksemdsstrategi. Andre har organisert arbeidet som eit program eller nettverkssamarbeid. Aktørane jobbar mot felles mål og utviklar arbeidsmetodar som utviklar tillit mellom partnarane. Alle har etablert ein styringsstruktur på tvers av forvaltninga der kommunane er involverte. No er også dei regionale digitaliseringsnettverka for kommunane kopla på arbeidet. Brukarene vert involvert på ulike måtar. Livshendinga Alvorlig sjukt barn har til dømes eigne panel for ungdom og foreldre. Digitaliseringsdirektoratet har i samarbeid med KS etablert og leier eit samarbeidsnettverk. Målet er at dette skal støtte opp under arbeidet med livshendingane og andre samanhengande tenester. Nettverket har opne møter kvar månad. Møta er digitale og dialogbaserte, og det tilretteleggjes for dialog rundt behov og utfordringar som er felles.

Brøytemannskap for samanhengande tenester

Innbyggaren opplever ofte at dei må kontakte fleire offentlege verksemder for å få løyst eit problem. Arbeidet med livshendingane representerer i så måte ei kulturendring i forvaltninga. Verksemdene må samarbeide og skape samanheng i tenestene for å gjere det enklare. Felles løysingar må finnast på tverrgåande behov. Sjølv om det er etablert nye løysingar og tiltak i dei enkelte livshendingane vil det ta tid før innbyggaren vil merke dei store endringane. Aktørane som er ansvarleg for livshendingane møter utfordringar i gjennomføringa. Halvparten melder at dei er forsinka. Dei viktigaste utfordringane handlar om regelverkshindringar knyttet til deling av data og strukturelle utviklingsmoglegheiter innan samarbeid, leiing, organisering og styring. Eit par av livshendingane peikar på utfordringar knyttet til informasjonsutveksling mellom system i offentleg sektor.

«Det gler meg at det skjer mykje aktivitet hos livshendingane no. Etterkvart som arbeidet med å realisere livshendingane går lenger i utviklinga av samanhengande tenester, blir forvaltningsutvikling med vekt på strukturelle endringar heilt avgjerande»

Digitaliseringsdirektoratets verkemiddelapparat har finansiert tiltak i fleire av livshendingane, men ansvarlege verksemder uttrykkjer likevel bekymring knytte til meir langsiktig finansiering. Langsiktig finansiering som gjer det mogeleg å forvalte og vidareutvikle dei løysingane som vert utvikla. Vi ser at livshendingane beveger seg sakte framover og utfordrar rammevilkår for langsiktig styring og finansieringsmodellar.

Tilslutt vil me nemne at sjølv om arbeidet med ei ny digitaliseringsstrategi har starta for perioden etter 2025, er me trygge på at nokre ambisjonar vil halda seg godt. Vi må tenka som brukaren, og ha fokus på forenkling for innbyggjarar, næringsliv og frivilligheita, og me må samarbeida og styra meir og betre på tvers av sektorar og verksemder.

Dette er ei samanhengande teneste

Ein teneste er samanhengande når brukaren opplever at han eller ho får dei tenestene han eller ho treng, når han eller ho treng dei. Brukaren opplever at tenestene er intuitive og heilskaplege, og får løyst si oppgåve på ein smidig og effektiv måte.

Gjennom å jobbe for at tenestene skal bli samanhengande, vil vi oppfylle vårt samfunnsansvar, møte brukarnes behov og forventningar og bevare velferdsstaten. Saman byggjer vi framtidas forvaltning.

Kontakt

Cathrine Silju Warnes

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 91 30 86 98