Formålet med standarden er å leggje til rette for utveksling av beskrivingar av datasett og datatenester, og å gjere det enklare å finne datasett og datatenester.
Standarden gjeld for følgjande bruksområde:
Er DCAT-AP-NO obligatorisk eller anbefalt?
Gå til bruksområda som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.
Kort om standarden
Standarden gjer det mogleg å beskrive datasett og datatenester i ein katalog ved hjelp av ein felles modell med kontrollerte vokabular. Dette gjer maskinell utveksling og samanstilling av metadata frå fleire katalogar enklare, og bidreg til at fleire datasett og datatenester blir oppdaga og brukte. Standarden gjer det òg mogleg å ha ein desentralisert tilnærming til publisering av datakatalogar og gjer at ein kan søkje etter datasett og datatenester på tvers av katalogar på fleire nettstader ved å bruke same spørjemekanisme og struktur.
Standarden bør nyttast når offentlege verksemder skal etablere og utveksle oversikter over datasett og datatenester i ein katalog. Kravet i Digitaliseringsrundskrivet om at offentlege verksemder skal registrere datasett på data.norge.no er ivareteke ved at ein på internett eksponerer ein katalog utforma i samsvar med DCAT-AP-NO, og administrerer innhausting av denne på data.norge.no.